Tema tverrfagleg samarbeid
Tema tverrfagleg samarbeid
Tema tverrfagleg samarbeid
Tverrfaglegheit og Ekspertar i team
I år har Læringsfestivalen eit eige spor dedikert til tverrfagleg samarbeid. Sporet er utvikla i samarbeid med Eining for Ekspertar i team (EiT) ved NTNU, som markerer sitt 25‑års jubileum, og belyser tverrfagleg samarbeid i høgare utdanning på ulike måtar.
Tverrfaglegheit
Tverrfagleg samarbeid blir stadig viktigare for å utvikle utdanning som speglar dei komplekse utfordringane studentane møter i samfunnet og arbeidslivet. Innlegga i sporet syner korleis tverrfaglege læringsprosessar kan styrkast gjennom alt frå studentmedverknad og prosjektarbeid til profesjonssamarbeid, tilbakemeldingar og gode støttestrukturar.
Ekspertar i team
Masteremnet Ekspertar i team er eit av NTNUs fellesemne, der master- og profesjonsstudentar frå ulike fagområde arbeider saman i tverrfaglege team. Gjennom å samarbeide om reelle samfunnsutfordringar, og reflektere over eigen teamdynamikk undervegs, utviklar studentane den tverrfaglege samarbeidskompetansen sin. EiT har gjennom 25 år utvikla metodar og praksisar som no inspirerer fagmiljø både nasjonalt og internasjonalt.
I tillegg til å drifte emnet EiT har Eining for Ekspertar i team også ei tverrfagleg forskargruppe som utviklar ny kunnskap om teamarbeid, tverrfaglegheit, innovasjon, læring og undervisning, til nytte for høgare utdanning, næringsliv og offentleg sektor. Eininga jobbar kontinuerleg med emnekvalitet, opplæring av undervisningspersonell og administrasjon av emnet på tvers av heile NTNU. I tillegg tilbyr dei emne, kurs og seminar for studentar, universitetstilsette og eksterne.
Les meir om NTNUs signaturemne EiT og Enhet for Eksperter i team.