Konferansebidrag - Læringsfestivalen
Konferansebidrag
Send inn ditt bidrag til Læringsfestivalen digital 2023
Læringsfestivalen digital (LFD) blir i år ein lunsj-til-lunsj-konferanse over to halve dagar, tysdag 28. og onsdag 29. november.
No vil vi ha ditt bidrag.
LFD er ein nettbasert, nasjonal konferanse om læring i høgare utdanning, som tidlegare vart arrangert under namnet Webinarfestivalen.
Erfaringsdeling er sentralt på Læringsfestivalen. Kanskje akkurat dine erfaringar eller forskingsresultat kan bidra til betre undervisning for fleire? Målgruppene for konferansen er alle som er engasjert i god undervisning; vitskapleg og administrativt tilsette, studentar, teknisk og pedagogisk støtteapparat samt leiarar i universitets- og høgskulesektoren.
Vi håper at du har lyst til å inspirere og motivere ved å dele dine erfaringar eller di forsking.
Inspirasjon og idéar
I fjor hadde vi bidrag om mellom anna nye eksamensformer, digital tryggleikskompetanse og studentaktiv læring.
Du kan få idear både til form og innhald ved å sjå opptak frå tidligare konferansar.
Korleis blir konferansen i år?
Kva er viktig for deg akkurat no? Send inn bidrag om det som engasjerer i ditt miljø eller på din arbeidsplass. Det er det vi vil at LFD skal handle om
Send inn ei skildring på inntil 300 ord, med tittel på inntil 15 ord. Du kan også legge inn ein tekst som er tilpassa programmet.
Aktiv deltaking er ein viktig del av Læringsfestivalen. Vi ønsker at du tenker gjennom korleis du vil involvere deltakarane i økta di og kva du vil oppnå med deltakaraktiviteten. I innsendingsskjemaet ber vi deg om å skildre dette.
- Du kan sende inn bidrag i form av ei webinar-økt på 20 minutter, ti minutter til presentasjon og ti minutter til diskusjon eller ein annen form for deltakaraktivitet.
- Send gjerne inn bidrag i andre format også. Har du ein idé til ei spennande økt? Del den med oss!
- Du kan også sende inn bidrag i form av rundeborddiskusjonar som vi arrangerer i løpet av vinteren 2023–2024. Her kan det vere ti minuttar innleiing ved ein eller fleire personar, etterfølgt av diskusjon i det digitale rommet. Total lengd kan vere opp til ein og ein halv time.
Frist for innsending er 19. september 2023.
Send inn bidrag til Læringsfestivalen digital
Kva skjer etter at eg har sendt inn bidrag?
Du får tilbakemelding i oktober.
Du som får anteken bidrag, vert invitert til eit digitalt møte med praktisk informasjon og gjennomgang av det tekniske. Der kan du stille spørsmål og eventuelt prøve i praksis det du skal gjere på konferansen.
Publisering i journalen Læring om læring
Send inn bidrag til den opne journalen «Læring om læring». Vi kan publisere artikkelen din sjølv om bidraget ikkje får plass på festivalen.
Viss du sender inn før 19. november, blir det publisert før konferansen. Vi publiserer fortløpande bidrag som kjem inn seinare.
Send inn artikkel til publisering i «Læring om læring».
Har du spørsmål om bidrag til Læring om læring, kan du gjerne kontakte redaktør Ole K. Solbjørg.