Til deg som skal presentere på Læringsfestivalen

Til deg som skal presentere på Læringsfestivalen

På Læringsfestivalen ønskjer vi omsette dei fine orda i handling. Studentaktiv læring er ikkje berre viktig på skulen og i førelesingssalane, men også på konferansar. Difor vil vi at alle sesjonane skal innehalde minst halvparten interaktivitet. Dei fleste vel kanskje å følgje opp ein presentasjon med ein diskusjon, men du kan gjerne finne andre måtar å involvere deltakarane på.

Påmelding

Bidragsytarane på sjølv melde seg på konferansen.

Presentasjonen din

Send gjerne inn presentasjonen din på førehand, så har vi han viss det skulle vere naudsynt. Vi har PC-ar i konferanselokala, og vi har folk som kan installere presentasjonen din der. Om du tek med eigen PC, ta gjerne med presentasjonen på ein minnepinne i tillegg, så er vi sikra.

Universell utforming

Denne sjekklista kan hjelpe deg å sjå om du har tilrettelagt økta di for alle.

Power Point kan setje om det du seier i sanntid til mange ulike språk. Denne funksjonen kan også vere nyttig for hørselshemma. (Meir informasjon kjem.)