Bilde

Bilde tatt av en internasjonal student i Bymarka

Internasjonalisering av utdanning

Internasjonalisering av utdanning

Internasjonal seksjon i Trondheim har, saman med internasjonale koordinatorar i Gjøvik og Ålesund, overordna ansvar for NTNUs

  • opptak og mottak av internasjonale studentar
  • rettleiingstilbod til NTNU-studentar som vil ta ein del av utdanninga i utlandet
  • søknadshandsaming og nominering av NTNU-studentar som søker utveksling forvaltning av
  • internasjonale program og prosjekt innanfor utdanningsområdet, som Erasmus+, EnPe-programmet og NORHED II

Ta deler av utdanningen i utlandet!

Ta delar av utdanninga di ved NTNU i utlandet! 

Er du nysgjerrig på å reise til utlandet, oppleve ein ny kultur, bygge eit internasjonalt nettverk og samtidig få full studieutteljing? 

Nesten alle grader som NTNU tilbyr, både på bachelor- og masternivå, er tilrettelagde for å ta eit eller to semester i utlandet. NTNU har utvekslingsavtalar med over 500 universitet i over 100 land verda over. Å studere i utlandet gir deg verdifull erfaring i ein internasjonal samanheng og er attraktivt å ha på CV-en. I tillegg får du ein breiare horisont og sosiale band som varer livet ut.  

For å lære meir om korleis du kan starte reisa di ut i verda som student har internasjonal seksjon temasider om utveksling med grundig informasjon og stegvise instruksjonar. Det kan sjå mykje ut ved første augekast, men det er slettes ikkje umogleg.  Start utenlandsreisa di her.

Snarveier for NTNU-ansatte

Snarveier for NTNU-ansatte

  • Tilsattmobilitet: Søk finansiering gjennom Erasmus+ for undervisnings- eller opplæringsopphald. 
  • Avtalemalar: Malar som kan brukast ved mellom anna oppretting, fornying og registrering av utvekslingsavtalar. 
  • Erasmus+: Innanfor EUs program for utdanning, ungdom og idrett er det gode moglegheiter for internasjonalt nettverkssamarbeid og utvikling av innovative prosjekt. 
  • EØS-midler: Midlar for samarbeid med institusjonar i 15 mottakarland.
  • Oversikt over avtalar

Tilsette og kontaktinformasjon