Norskfagleg skriving på mellomtrinnet – Forskning – Institutt for lærerutdanning
Norskfagleg skriving på mellomtrinnet
I doktogradsprosjektet mitt utforskar eg korleis norsklærarar forstår sine roller som morsmåls- og skrivelærarar. og i samarbeid med lærarar på mellomtrinnet gjennomfører eg eit pedagogisk designprosjekt der vi testar ut ulike norskfaglege skriveprosessar.
Prosjektperiode
2023–2027
Finansiering
4-årig / NTNU
Forskingsgruppe
Fagseksjon
Om prosjektet
Ph.d.-prosjektet mitt er ein tre-delt studie, med norskfagleg skriving som overordna tema og pedagogisk designforsking som overordna metode. I første studie ønsker eg å finne ut korleis norsklærarar forstår si rolle som morsmåls- og skrivelærar, og dette har eg gjort gjennom ei spørjeundersøking og fleire fokusgruppeintervju. I den andre studien har eg søkelys på korleis norsklærarar på mellomtrinnet snakkar om og samarbeider om norskfagleg skriving, medan den tredje studien løftar fram elevperspektivet og deira syn på skriving.
I samband med første studie gjennomførte rettleiaren min og eg ei spørjeundersøking i samarbeid med Språkrådet. Rapporten frå denne spørjeundersøkinga er tilgjengeleg her: Norsklærerens kompetanser, roller og ansvar.
Rettleiarar
- Randi Solheim, hovudrettleiar, professor, NTNU
- Lennart Jølle, medrettleiar, førsteamanuensis, NTNU
- Sindre Dagsland, medrettleiar, førsteamanuensis, NTNU