Nettverk for lesekultur – Forsking – Institutt for lærarutdanning
Nettverk for lesekultur
Nettverk for lesekultur

Om oss
Om oss
De bøkene jeg elsket høyest, fikk jeg fra skolebiblioteket. De ble utdelt i de lavere klassene. Læreren leste opp navnet mitt, og deretter begynte boken sin vei over benkene; den ene skjøv den videre til den andre, eller boken svevet over hodene til den kom frem til meg, som hadde rakt opp hånden. På arkene fantes spor av fingre som hadde bladd i boken.
Walter Benjamin: «Barndom i Berlin – rundt 1900»
Lesing handlar om langt meir enn at ei einsleg sjel avkodar bokstavar og tileignar seg kunnskap. Det er alle desse hendene – i bokstaveleg så vel som biletleg forstand – som transporterer tekstar – fysiske så vel som digitale - frå menneske til menneske. Å skape lesekulturar handlar om å dyrke lesing som ein aktivitet vi menneske deler og som bringar oss saman med kvarandre og verda rundt oss. Levende lesekulturar er kjenneteikna av individ som identifiserer seg sjølve som lesarar, der ein utvekslar leseopplevingar med kvarandre i eit mangfald av fora, og der bøker og lesing blir synleggjorde. Lesekultur handlar om at lesing er ein sjølvsagt, dagleg praksis hos barn, foreldre, besteforeldre, vennar, lærarar, rektorar, studentar og assistentar. Det handlar om å la bøkene, fortellingane, tekstane sveve over, inni og mellom hovuda til alle.
Merksemda om lesing har ikkje vore sterkare på fleire tiår, og over heile Norden blir det no danna miljø som arbeider for å styrke og forske på lesekulturar. Nettverk for lesekultur vil skape ein møteplass der forskarar kan formidle forskinga si og utveksle idear og erfaringar. Vi ønsker å stimulere til felles prosjekt og å initiere samarbeid med lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar.
Nettverket spring ut av fagmiljøa for litteratur- og språkdidaktikk ved fagseksjon for norsk og har base ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU. Vi vil utforske kva for lesarfellesskap born og unge tek del i, og korleis skular og universitet kan skape sterkare lesekulturar. Vi rettar særleg blikket mot skule- og folkebibliotek og ønsker å bidra til kunnskap om korleis lesing kan praktiserast i skulen, på tvers av kjønn, alder og kulturell bakgrunn.
Nyheiter og arrangement
Blogginnlegg fra Nettverk for lesekultur
Kulturrådet

Finansiering av Kulturrådet 2025–2027.
person-portlet
Styringsgruppe
-
Irmelin Kjelaas Førsteamanuensis i norskdidaktikk
+4741105701 kjelaas@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Tatjana Kielland Samoilow Professor i norskdidaktikk
73412327 +4746418530 tatjana.samoilow@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Per Esben Svelstad Professor i norskdidaktikk
73550413 per.svelstad@ntnu.no Institutt for lærerutdanning
person-portlet
Medlemer ved NTNU
-
Signe Braut Universitetslektor i norskdidaktikk
signe.braut@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Anette Louise Brekke Universitetslektor
anette.brekke@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Even Igland Diesen Førsteamanuensis
even.i.diesen@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Carl Gunnar Eltervaag Seniorrådgiver
+4793213625 carl.g.eltervaag@ntnu.no Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking -
Dagrun Astrid Aarø Engen Førsteamanuensis - Universitetspedagogikk
73590420 +4791799272 dagrun.engen@ntnu.no Institutt for pedagogikk og livslang læring -
Ola Harstad Førsteamanuensis
73559823 ola.harstad@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Elisabeth Høidal Universitetslektor
+4745420250 elisabeth.hoidal@ntnu.no Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking -
Ingvild Hagen Kjørholt Professor
73412920 +4797790947 ingvild.hagen.kjorholt@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Ann Sylvi Larsen Dosent
73559885 +4799552822 ann.s.larsen@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Anne Berit Lyngstad Førsteamanuensis i norskdidaktikk.
73596317 anne.berit.lyngstad@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Hanne Theodorsen Universitetslektor
+4797604714 hanne.theodorsen@ntnu.no Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking
Eksterne medlemer
Eksterne medlemer
- Lene Anundsen, førsteamanuensis, Universitetet i Agder
- Tove Stjern Frønes, forskar, Universitetet i Oslo
- Tuva Haglund, postdoktor, Uppsala universitet
- Stine Reinholdt Hansen, UC Viden
- Kristiane Hauer, fagleg konsulent, Nationalt videncenter for læsning (Danmark)
- Ayoe Qvist Henkel, ph.d., UC Viden
- Åsmund Hennig, førsteamanuensis, Universitetet i Stavanger
- Ahmed Akef Khateeb, førsteamanuensis, Høgskulen på Vestlandet
- Marianne Eskebæk Larsen, lektor, Nationalt videncenter for læsning (Danmark)
- Henriette Romme Lund, fagleg konsulent, Nationalt videncenter for læsning (Danmark)
- Anna Lyngfelt, professor ved Göteborgs universitet
- Monica Gundersen Mitchell, førsteamanuensis, Universitetet i Stavanger
- Astrid Sundset Moe, seniorrådgjevar, Vestland fylkeskommune
- Silje Neraas, høgskulelektor, DMMH
- Olle Nordberg, dosent, Uppsala universitet
- Anne Skaret, professor, Universitetet i Innlandet
- Anna Karlskov Skyggebjerg, vitensenterleiar, Nationalt videncenter for læsning (Danmark)
- Gro Ulland, førstelektor, Høgskulen på Vestlandet