Kunstnarisk forskningslab

Forskargruppe for kunstnarisk utviklingsarbeid og kunstbasert forsking

Kunstnarisk forskningslab

Et bilde av tomme solsenger. Foto.
Still fra film Open Up! (2024) 16mm. Anna Ulrikke Andersen.

Dette er ei tverrfagleg erfaringsbasert gruppe for kunstbasert forsking og utviklingsarbeid, med utspring i forskarar frå Institutt for kunst- og medievitskap. Forskarane kommer fra ulike institutt ved NTNU. Vi fokuserer på korleis kunstnariske prosessar kan nyttast i forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid innanfor drama og teater, film og visuell kunst. 

I kunstnarisk forskningslab er vi opptekne av korleis kunsten kan skapa ny kunnskap, innsikter og erkjenningar. Vi er eit laboratorium der dei tverrfaglege medlemmene i gruppa utforskar og utvekslar erfaringar. Fokuset vårt er kunstnarisk praksis som studieobjekt, men der forskarane våre kan jobba med ulike metodiske inngangar i korleis forska med, i, gjennom og på kunsten. Forskingsmetodane kan vera praksisleidde, performative, så vel som kvalitative. Forskargruppa ønskjer å bidra til teoriutvikling, kunnskap om relevante metodar, og dessutan løfte fram etiske problemstilingar gjennom kritisk refleksjon.  

Formålet i gruppa er mellom anna knytt til å utvikla eit godt fagleg miljø, og dessutan bidra til kunnskaps- utvikling og -utveksling for kunstbasert forsking innanfor våre fagområde. I dette ligg det også å bidra til at nyare kunstfaglege forskarar, stipendiatar og ph.d.-kandidatar i kunstnarisk utviklingsarbeid innan drama og teater, film og visuell kunst kan ta del i eit aktivt og utviklande forskingsmiljø.
 
Kunstnariske praksisar tolkar og skaper sosiale fellesskap, og speler ei viktig rolle i å fremja engasjement og samfunnsmedvit. Vi har ein ambisjon om at den kunstnariske utforskinga i forskargruppa og kunnskapsproduksjon blir integrert på ulike måtar i samfunnet. Forskargruppa ønskjer å plassera kunsten i ein tverrfagleg, sosial og internasjonal forskingskontekst på høgt nivå. Vi vil bidra til å fremja kunnskap om kunst som både ei unik og sjølvstendig form for samhandling og som ei stor kraft i menneskelivet og samfunnet.


Aktivitet

Aktivitet

8. desember - Seminar med Cecilie Semec (2025)

8. desember - Seminar med Cecilie Semec (2025)

KunstforskLab arrangerte seminar med filmfotograf Cecilie Semec, som presenterte doktorgradsarbeidet sitt ved Den norske filmskulen på Lillehammer. Ho drøfta den lange takinga (plan-séquence / long take) som filmatisk uttrykk, og korleis ny digital teknologi påverkar regi, arbeidet til fotografen og publikums oppleving av tid.

Programmet på Cinemateket bestod av visning av Lyset frå sjokoladefabrikken og eit seminar med fokus på metode.

Semec er den einaste norske filmfotografen som har vunne Gullbjørnen ved Berlinalen, for filmen Drømmer (Haugerud, 2025). Ho har markert seg som ein av Noregs viktigast filmfotografar , med eit kunstnarskap på høgt internasjonalt nivå.

26. november - Metodeseminar 2 (2025)

26. november - Metodeseminar 2 (2025)

Seminarrekkja i Kunstnerisk ForskningsLab om metode har som mål å samla forskarar frå ulike kunstfelt for å dela erfaringar og diskutera metodiske tilnærmingar i kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking. Den 26. november vart det arrangert eit seminar der to korte metodepresentasjonar av Elly Stormer Vadseth og Anna Ulrikke Andersen viste korleis performative, praksisbasert og samskapande metodar kan bidra til ny innsikt i kunstnarisk forsking. Som i det tidlegare seminaret om metode dette året vart det lagt stor vekt på refleksjon og dialog, og samlinga vart avslutta med ei felles oppsummering og innspel til det vidare arbeidet i forskargruppa inn mot vårsemesteret 2026.

26. mai - Metodeseminar (2025)

26. mai - Metodeseminar (2025)

Seminaret i Kunstnerisk ForskningsLab 26. mai samla forskarar frå ulike kunstfelt ved IKM for å dela erfaringar med vekt på metodisk tilnærming i kunstnarisk utviklingsarbeid. Gjennom tre korte prosjektpresentasjonar med vekt på anvende metodar i prosjekta – av Leiv Igor Devold, Lene Helland Rønningen og Ingvild Rømo Grande – vart det belyst korleis performative, praksisbaserte og samskapande metodar kan generera ny innsikt i kunstnarisk forsking. Samlinga la vekt på refleksjon og dialog, og avslutta med ei felles oppsummering og innspel til vidare arbeid forskargruppa for haustsemesteret 2025.

19. mars - Frå Dostojevskij til dagens ungdom (2025)

19. mars - Frå Dostojevskij til dagens ungdom (2025)

«Frå Dostojeskij til dagens ungdom» - å skapa dramatikk om mental helse


I eit nyskapande kunstnarisk utviklingsarbeid utforskar førsteamanuensis Lene Helland Rønningen (NTNU, drama og teater) saman med eit team av kunstnarar korleis ungdoms stemmer kan spela ei aktiv rolle i utviklinga av ny dramatikk. På arrangementet vil det bli ein presentasjon av arbeidsmetodikken, og dessutan ei arbeidsvisning av rykande fersk scenetekst av Marte Huke. Det vil også bli ein panelsamtale der ulike ekspertar deltek, m.a professor i litteratur Lars Fodstad, draamturg ved Trøndelag Teater Kristoffer Spender og førsteamanuensis i klinisk samfunnspsykologi Charlotte Fiskum.


Tid: 19. mars kl. 15:00 - 17:00

Sted: Black Box

10. mars - "Kva kan gjerast?" (Brad Haseman, 2025)

10. mars - "Kva kan gjerast?" (Brad Haseman, 2025)

"Kva kan gjerast?": Performativ forsking og undervisning i ein ny æra av ’posts’.


Kva vil det seia å forska og undervisa i vår tid med ’posts’ (post-pandemi, post-kvantitativ, post-kvalitativ, post-sanning, post-kolonialitet)? Denne presentasjonen er ei forklaring for det konseptuelle arbeidet som byrja for tjue år sidan ved Queensland University of Technology (QUT) for å identifisera vilkåra og dynamikken i eit forskingsparadigme som ville vera gunstig for kunstnarar og kreative utøvarar generelt. Det byrja med å identifisera kva ’forskingsindustrien’ kravde for at ei undersøking skulle kallast ’forsking’ og vera kvalifisert til å få tilgang til forskingsinfrastrukturen i landet. Under denne reisa vart praksisleidd forsking identifisert som ein hovudmetodologi for kreative kunstnarar, og tilhøyrde sitt eige særeigne forskingsparadigme, kalla Performativ forsking. Presentasjonen vil avsluttast med ein diskusjon om autoriteten til ’forskingsfunn’ i vår post-sanningstid.


Tid: 10. mars kl. 10:15

Sted: Black Box

Tilknytta prosjekt

Tilknytta prosjekt

(Kommer snart!)

(Kommer snart!)

person-portlet

Ledere

Igor Devold
Førsteamanuensis
igor.devold@ntnu.no
+4741514208
Lene Helland Rønningen
Førsteamanuensis drama og teater
lene.ronningen@ntnu.no
73558903
+4799524862

Eksterne medlemmer

Eksterne medlemmer


Marie Suul Brobakke