Czech-Nordic Memorabilia II/ Noraci 2 - Institutt for historiske fag
Czech-Nordic Memorabilia II/ Noraci 2

Foto: Ukjend fotograf, Noráci-fotosamling, Tsjekkia
Czech-Nordic Memorabilia II – Demokrati og aktivt medborgarskap i universitetsundervisning er eit samarbeid mellom Humanistisk fakultet og Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap ved NTNU og Department of Germanic and Nordic Studies ved Charles University i Tsjekkia. Målet er å fornye undervisninga i skandinavisk historie og samfunn, og å løfte fram ny kunnskap om tsjekkiske statsborgarar i Noreg under krigen. Dette gjeld spesielt dei som vart tvangsarbeidarar.
Prosjektet gir unge forskarar innan skandinaviske studiar høve til å ta nye kurs. For å styrkje jobbutsiktene til studentar i sluttfasen har prosjektmedlemmene etablert eit feltkurs.
Historieundervisninga fokuserer på demokratisering og aktivt medborgarskap. Desse styrkjer samarbeidet mellom Noreg og Tsjekkia om felles historiske milepålar.
Fleire arrangement er planlagde:
- Fire rundebordssamtalar om aktivt medborgarskap og krigshistorie
- Ei utstilling om Holocaust i Skandinavia.