Deltaker i FGP 2018

Forsker Grand Prix 2018

Tina Louise Ringstad

Det humanistiske fakultet | Institutt for språk og litteratur

Tina louise RingstadMitt tema

Språksystem hos små barn

Når små barn lærer morsmålet sitt, høyrer vi ofte at dei snakkar ganske annleis enn oss vaksne. Barnespråk inneheld det mange vil oppfatte som «feil». Det som er interessant med dette, er at desse avvika frå vaksenspråk er systematiske. Det vil seie at alle barn som lærer same språk gjer dei same «feila».  

Barnespråket ser altså ut til å ha eit eige system som skil seg frå vaksenspråket. I forskinga mi prøver eg å finne ut kva dette systemet består av. Innsikt i dette kan hjelpe oss å forstå korleis den menneskelege språkevna fungerer.

Litt om meg

Eg elskar hundar. Store, små, krøllete, kvite, brune, og særleg min eigen Tussa. Sidan eg har hund, bruker eg mykje tid på tur, og er veldig glad i å finne nye område i Bymarka. Når eg ikkje er på tur, er eg kanskje på korøving, eller heime og strikkar, les, eller pussar opp noko.

Forsker Grand Prix logo

 

Arrangører

NTNU logo

Forskningsdagene logo.

Kontakt

Gunnar Kåre Hansen
Epost gunnar.k.hansen@ntnu.no
Mobil 915 66 365