Torbjørn Netland

Torbjørn Netland

«Frå steinrøysa til Shanghai – Forbetring av globale produksjonsbedrifter»

Institutt for industriell økonomi og teknologiledelse, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse (SVT), NTNU

Portrettfoto av Torbjørn Netland, deltaker i Forsker Grand Prix 2013.Eg vaks opp i den norske steinrøysa i Sogn og Fjordane. Der er fjella og ambisjonane høge, og fjordane og tankane djupe. Bland dette med medfødt sjølvtillit frå Bergen, naturleg energi frå Forsvaret, erverva kløkt og trønderbart frå mange år i Trondheim – og du har meg.

Etter fem år som student ved Institutt for Industriell økonomi og teknologiledelse ved NTNU, fekk eg i 2006 jobb på ein av Noregs artigaste arbeidsplassar: SINTEF. Gjennom mange prosjekt, i tett samarbeid med norsk vareproduserande industri, utvikla eg genuin interesse for faget produksjonslogistikk. Alle som har latt seg fascinere av Discovery Channel sitt program «How It's Made» eller «Ultimate Factory» på National Geographic Channel vil lett forstå delar av min lidenskap.

Viktig er det òg at å produsere meir effektivt inneberer å utnytte avgrensa ressursar betre. Dessutan handlar det om arbeidsplassane til folk og konkurransekrafta til næringslivet vårt – med andre ord velstandsutvikling i det store og heile. Målet i mi forsking er å forbetre produktkvalitet, gje attraktive arbeidsplassar, kundeoppleving, økonomisk gevinst og miljøpåverknad – samtidig! Ikkje berre her heime, men globalt. Korleis kan våre multinasjonale produksjonsbedrifter få til det?

For å studere dette har eg haika med Nordens største industrikonsern og verdas største lastebilprodusent: Volvo AB. Volvo har meir enn 60 fabrikkar over heile verda. Dei har som mål å forbetre produktiviteten globalt, og å dele læring mellom fabrikkar og landegrenser. Volvo har utvikla eit eige forbetringsprogram under namnet Volvo Production System (VPS).

I min doktorgrad, undersøkjer eg effekten av VPS og korleis fabrikkane kan lukkast med innføringa av eit slikt forbetringsprogram. For å studere dette, vitja eg 40 Volvo-fabrikkar på fem kontinent. Frå steinrøysa til Shanghai har eg samla fleire typar data: Spørjeundersøking, revisjonsdata, intervju og observasjon.

Kva trur du eg har funne?

Tilbake til hovedsiden.