Sparebanken Sogn og Fjordane søker tre traineear: datadetektiv, finans og interaksjonsdesign
Er du vår nye trainee?
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.
Som arbeidsgjevar tar vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Som trainee i Framtidsfylket får du mellom anna eit nettverk med andre traineear i Vestland fylke, eit spennande år med fagleg og personleg utvikling og innsyn i eit mangfaldig næringsliv i vår region.
Sparebanken Sogn og Fjordane søker trainee: Datadetektiv
Sparebanken Sogn og Fjordane søker trainee: Finans
Sparebanken Sogn og Fjordane søker trainee: Interaksjonsdesign