STAD KOMMUNE
Introduksjon av bedriften
«Verdas beste vesle stad!»
Stad kommune i Nordfjord, lengst vest i Noreg mot det villaste havet. Her finn du om lag 9500 innbyggjarar fordelt på bygder og fleire livskraftige tettstader som strekkjer seg frå storhavet i vest, til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, eit fantastisk surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Høyrest ikkje dette fantastisk ut?
Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Ein liten stad i verda der du kan få det beste ut av livet – i kvardagen. Her finn du alt på ein stad, av det du eigentleg treng i livet. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Bli ein del av Stad samfunnet!