Yngvil si oppgåve hjå Røde Kors gav positiv respons på jobbintervju

"Eg fikk tilgang til ei konfidensiell lesarundersøking og anna materiale hjå Røde Kors. Det hjalp meg til å bygge ei meir truverdig og virkeligheitsnær masteroppgåve. "

Du tenker kanskje at koplinga mellom Røde Kors, språkleg kunnskap og kompetanse ikkje er openberr?
Yngvil gjorde ei retorisk analyse av givarbrev frå Røde Kors til masteroppgåva si i språkleg kommunikasjon. Målet hennar var å gjennomføre eit praksisnært prosjekt, som ville bli relevant i arbeidslivet.

Namn: Yngvil Osdal Runde
Utdannelse: Mastergrad i språkleg kommunikasjon
Samarbeidspartnar: Norges Røde Kors
Tittel på oppgåve: "Kva kjenneteiknar ein engasjerande tekst? Eit retorisk studium av Norges Røde Kors sine givarbrev."

Kva tema hadde oppgåva di?
Tema var eksternkommunikasjon i Røde Kors, med vekt på trykksakar. Eg såg på lesarbevisstheit, multimodalitet og retoriske virkemidlar.

Korleis opplevde du samarbeidet?
Samarbeidet gikk knirkefritt. Vi hadde ei felles forståing for kva behov Røde Kors hadde, og kva eg ønska å skrive om. Dette resulterte i at vi fant ein gylden middelveg for problemstillingane i masteroppgåva.

Kva moglegheiter har dette gitt deg i ettertid?
Eg har fått svært god respons på dette samarbeidet, til dømes då eg har vore på jobbintervju. Eg trur det handlar om at ein samarbeidar med ein organisasjon eller ei bedrift som finnast i virkeligheita, og ikkje berre noko hypotetisk. Ein må òg vise evne til å tilpasse seg ein samarbeidspartnar. Ein inngår gjerne ein avtale der det er avgrensingar, til dømes på konfidensialitet og tidsrammer.

Kva utfordringar møtte du på i samarbeidet?
Eg byrja å leite etter samarbeidspartnar før NTNU Bridge vart stifta. Eg tok kontakt med fleire ideelle organisasjonar sjølv før eg fikk napp hjå Røde Kors. Dette var ein prosess prega av usikkerheit, som heldigvis NTNU Bridge kan hjelpe med i dag.

På kva måte fikk du bruk for kunnskapen og kompetansen din fra NTNU i samarbeidet?
Eg hadde ei bachelorgrad då eg skulle overtyde Røde Kors om å inngå eit samarbeid. Det gjorde at eg lettare kunne forklare kva eg ønska å undersøke hjå dei, støtta av tidligare forsking og min kjennskap til fagfeltet. Eg vil òg tru at NTNU sitt gode omdømme bidrog til å fange interessa hjå Røde Kors.

Kva fordelar meiner du at eit oppgåvesamarbeid med ei bedrift gir studenten?
Eg fikk til dømes tilgang til ei konfidensiell lesarundersøking og anna materiale hjå Røde Kors. Det hjalp meg til å bygge ei meir truverdig og virkeligheitsnær masteroppgåve. Samstundes fikk eg eit glimt av livet i ein stor organisasjon, og korleis den fungerer i praksis. Det kan bli mykje teori og lite praksis på universitetet, så dette var gull verd.

Har du tips til andre studentar som vil skrive oppgåve i samarbeid med ein arbeidsgivar?
Kom budd til bordet. Lag ei prosjektskisse i forkant, der du har fleire forslag til moglege problemstillingar for oppgåva eller prosjektet. Dette kan ein endre etter kvart. Eg trur òg det er viktig å ikkje gå inn på for mange kompromiss med samarbeidspartnaren. Det er viktig å få til eit prosjekt som engajserer og motiverer deg.

Ønsker du å lese Yngvil si masteroppgåve, så finn du den her