Kategorier
Bokhistorie Manuskript UBrss Ukategorisert

Vinje på to målformer

I 2018 markerer vi 200-årsdagen for journalisten, poeten og språkaktivisten Aasmund Olavsson Vinje. Husmannsguten frå Vinje i Telemark utmerka seg på skulen, og gjennom lærarseminar og studiar i språk og filosofi, havna han på Heltbergs studentfabrikk i lag med både Ibsen og Bjørnson. Vinje tok artium, og seinare juridisk embetseksamen ved universitetet; ei utruleg  klassereise som framleis var uvanleg for ein husmansgut på den tida. Men som vi veit, blei det ikkje jussen Vinje skulle engasjere seg i. Allereie i studietida blei han ein aktiv skribent i ei rekke blad; avisa Morgenbladet, tidsskriftet Andhrimner, Folkets Røst (-som skifta namn til Tiden), og var ei tid fast korrespondent i Christiania-Posten, samt i Illustreret  Nyhedsblad. I denne tida bygde Vinje opp eit omfattande nettverk av kontaktar innan kultur og journalistikk.

 

  Portrett av Vinje med hatt.                  Aasmund Olavsson Vinje, sittende     

Foto:  Nasjonalbiblioteket (eier). Public Domain.

 

Les gjerne:

A.O. Vinje. Skrifter i samling B. 1: bladstykke i Morgenbladet, Andhrimner, Drammens Tidende, Den Norske tilskuer, Christiania-posten, Illustreret nyhedsblad og Dølen.

 

Frå 1858 gav Vinje ut sitt eige blad, Dølen, som han fortsatte å gje ut heilt til han døydde i 1870. Som journalist hadde Vinje eit breitt interessefelt, og skreiv like gjerne om utanriks- som innanrikssaker. Han tok for seg emner som kultur, økonomi, teknologi og eksempelvis framgangar i jordbruket. Vinje var opptatt av å belyse saker frå fleire sider, slik at lesaren kunne ta ei vurdering på breiast muleg grunnlag. Journalisten skulle vere rettleiar og opplysar, meinte Vinje som sjølv var ein nyskapande journalist. Atle Christiansen skriv i sin artikkel at Vinje  utvikla nye skriveformer som det norske essayet og den norske kommentarartikkelen. Han arbeidde mykje med å utvikle eit skriftspråk basert på norsk aleine, og ikkje dansk-norsk. Ivar Aasens dialektstudier var ein viktig inspirasjon for Vinje, men han gjekk likevel sin eigen, språklege veg, og likte ikkje at språket hans blei samanlikna med Aasen sitt. Vinjes penn kunne vere krass, og han gjekk ikkje av vegen for ironi og latterleggjering. Det skaffa han motstandarar, særleg blant borgerskapet.

                 Karikatur av Vinje i bladet Vikingen

Forsida av første utgåve av «Dølen: eit vikublad».                         A.O. Vinje karikert i bladet «Vikingen». (Public Domain.)

 

I 1863 hadde Vinje eit studieopphald i England og Skottland. Han finansierte opphaldet med pengar blant anna frå Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Gunnerusbiblioteket har tre brev der Aasmund Olavsson Vinje skriv til DKNVS. I breva går det fram at han ved fleire høve fekk pengar frå Selskapet. Foruten å be om – eller takke for pengar – fortel Vinje om kva pengane skal brukast til, og greier ut om planane framover. I eit av breva skriv Vinje at han ynskjer å reise til Nord-Amerika, mellom anna for å vitje dei norske immigrantane der. Blant anna tenkjer han å lage ei rettleiing for nordmenn som ynskjer å emigrere til Amerika. Eit resultat av Vinjes «engelske reise» var boka «A Norseman’s views of Britain and the British». I eit brev som er datert 20.08. 1863, skriv Vinje at han har sendt eit eksemplar til Selskapet. Denne proveniens-opplysninga finn vi igjen i Gunnerusbiblioteket sitt eksemplar av denne boka:

 

  

Gunnerusbiblioteket si førsteutgåve av «A Norseman’s Views of Britain & the British» av A.O. Vinje – med ei helsing frå forfattaren.

 

Alle dei tre breva til DKNVS er digitaliserte, men førebels er kun eit av dei tilgjengeleg i www.gunnerus.no.

Ein kunne kanskje vente at ein språkaktivist som Aasmund Olavsson Vinje ville nytte eit kvart høve til å skriva landsmål, men det er ikkje tilfellet. Vinje vekslar mellom datidas dansk-norske språk og landsmålet; både når han skriv brev, og når han publiserer artikler og dikt i ulike samanhang. Dei tre breva til DKNVS er alle skreve på dansk-norsk, medan han byter på å skrive på dei to målformene når han skriv til kollegaen Paul Botten-Hansen.

Bjørnstjerne Bjørnson og Vinje hadde eit komplisert forhold til kvarandre;  nokre gonger samarbeidde dei godt, medan forholdet var kjøleg i andre perioder. I eit av breva til Botten-Hansen,  datert 11. juni 1863, nemner Vinje Bjørnson si diktarløn i nedlatande ordelag og kallar Bjørnson for «ein uvitande stakkar». Diktarløn for Vinje kom opp som forslag til Stortinget i 1869, men forslaget blei ikkje vedteke.

Gunnerusbiblioteket har til saman 19 manuskripter som er skrevne av Aasmund Olavsson Vinje. Seks av manuskripta er dikt; «Professor P.A. Munch, «Da jeg ikke kunde være med paa Studentferden», «Til den nye salen min», «Eit liv» og «Faderen til den heimanfarende Sonen».  Diktet «Da jeg ikke kunne være med paa Studenterferden» vart publisert først i 1925. -Eit anna manuskript er ei forteljing, med tittelen «Fjellstaven min». Med unnatak for breva til DKNVS, er dei fleste manuskripta av Aasmund Olavsson Vinje komen til Gunnerusbiblioteket som ein del av Thorvald Boecks samling, som det tidlegare DKNVS-biblioteket kjøpte i 1899.

Gunnerusbiblioteket har sjølvsagt bøker av Vinje, samt avisene Dølen, Andhrimner og Illustreret Nyhedsblad. Christiania-posten finnes i spredte nummer både hos Dorabiblioteket og Gunnerusbiblioteket. Dessutan har Gunnerusbiblioteket nokre småskrifter som er forfatta av A.O. Vinje; til eksempel desse:

«En ballade om kongen og kongehuset», «Ved Maler Gørbitz’s Jordefærd», «Vore Vande og Dalstrøg».

 

«Til ein folkefest paa Modum», «Haandværkernes Sangforening paa Pinsetouren til Hamar» – med meir!

For den som er interessert, har Nasjonalbiblioteket  fleire manuskript av Vinje, og dei kan søkast fram i basen www.nb.no/hanske . Mange av manuskripta er også digitale.

Kjelder:

Christiansen, Atle. Essay: Seriegründaren, innovatøren og stilskaparen frå Vinje. Aftenposten 06.04.2018

Stegane, Idar. Aasmund Olavsson Vinje. Norsk biografisk leksikon.

Til Opplysning: universitetsbiblioteket i Trondheim 1769-1993. Harald Nissen og Monica Aase, red. Trondheim, Tapir, 1993

Vesaas, Olav. A.O. Vinje: ein tankens hærmann. Oslo, Cappelen, 2001.

www.gunnerus.no

Jeg er hovedbibliotekar ved NTNU Gunnerusbiblioteket og jobber med litteraturtjenester for studenter og ansatte, formidling og markedsføring av bibliotekets samlinger.

Av Inger Langø

Jeg er hovedbibliotekar ved NTNU Gunnerusbiblioteket og jobber med litteraturtjenester for studenter og ansatte, formidling og markedsføring av bibliotekets samlinger.

2 svar til “Vinje på to målformer”

For ein fantastisk fin artikkel om Vinje som var blant dei første til å ta i bruk det nye landsmålet til Ivar Aasen. Dette var ein artikkel ein stor mann verdig!

Det er stengt for kommentarer.