Fagressurser, nyheter og tips til oppgaveskriving og litteratursøk

Nykommar: gjendikting av tidlegare NTNU-student

av 16. april 2018 i Litteraturvitenskap, UBrss med Ingen kommentarer

Den tidlegare NTNU-studenten Martin Ingebrigtsen har nyleg gjendikta ei samling av den amerikanske lyrikaren Nathaniel Farrel: Nykommar (Samlaget, 2018). Boka er ein del av Samlaget si gjendiktingsserie av ny poesi.

Omtale frå forlaget:

«Nykommar er den namnlause soldatens vitnesbyrd frå eit omskifteleg, framandt landskap. Boka viser oss korleis ein ung manns opplevingar i krig lèt seg overstyre av tankar og minne om heimplassen, familien og kjærasten. I eit fragmentarisk langdikt som er delvis historisk fiksjon og delvis eit naturdikt, trekkjer Farrell inn impulsar frå klassisk Americana og Southern Gothic. Det er USAs historie om seg sjølv som dannar bakteppet for denne følsame utforskinga av kva det vil seie å vere ein ung mann, langt heimanfrå, med ei usikker framtid».

Bilde av Martin Ingebrigtsen

 

Martin Ingebrigtsen har ei mastergrad i allmenn litteraturvitskap frå dåverande Institutt for nordistikk og litteraturvitskap (no Institutt for språk og litteratur) i 2012. Han er no forfattar, omsettar og formidlingskonsulent hos Forfattersentrum Midt-Noreg.

Bokomslag

 

Stikkord: , , ,

Om forfatteren

Om forfatteren: Marius Warholm Haugen er førstebibliotekar og fagansvarlig for litteraturvitenskapelige og kulturhistoriske fag ved NTNU Universitetsbiblioteket. .

Abonner

Hvis du likte dette, se relaterte innlegg og aktiviteter.

Legg igjen en kommentar

Topp