Kategorier
etikk filosofi Nye bøker

Stoisk uro og andre filosofiske smular

NTNU Universitetsbiblioteket har nettopp fått den seinaste boka til Agnes Ravatn i hylla på Dragvoll: Stoisk uro og andre filosofiske smular.
Boka er mellom anna satt saman av ein rekke korte tekstar frå Dag og Tid i 2010-11: «Filosofi i praksis».
Her kan du lese om stoikarar på skitur og dating med Platon… og om korleis det er å leve etter Kants kategoriske imperativ ein heil dag. Og mykje anna. Men som forfattaren sjølv seier: «Eg ville jo ikkje ha gripe til berre denne boka om eg var på jakt etter alternativt ex.phil-pensum» (s. 10).
Stoisk uro og andre filosofiske smularFrå omtalen av boka:
«Kva skjer når ein tek med seg stoikarane på skitur og Kierkegaard inn i kjærleikslivet? Eg som ein gong var så lovande og interessert i verda, ei interesse som verken fjernsyn eller internett kunne forpurre, eg som kunne arbeide uforstyrra i timevis, og som hadde ambisjonar av ein eller annan art. Vita brevis, og dette må snu! tenkte eg der eg sat i min gamle stol. Og svaret kom til meg i same sekund: Her er det berre litt god gamaldags livsfilosofi som kan hjelpe. Kva er eit godt menneske, og korleis blir ein det? Kva er eit godt liv, og korleis får ein det? I denne underhaldande og tankevekkjande boka dreg Agnes Ravatn ulike filosofiske retningar ned frå tankeplanet og bruker dei direkte på livet sitt. Med hjelp frå Seneca, Sokrates, Platon, Kant og Kierkegaard søker ho svar på nokre av spørsmåla som mennesket har stilt seg til alle tider. Det går ikkje særleg bra.»

Fagansvarlig for drama og teater, film- og medievitenskap, kunsthistorie, filosofi og klassiske fag.
Se http://www.ntnu.no/ansatte/hegefa

Av Hege Charlotte Faber

Fagansvarlig for drama og teater, film- og medievitenskap, kunsthistorie, filosofi og klassiske fag.
Se http://www.ntnu.no/ansatte/hegefa

Legg igjen en kommentar