Kategorier
Læringstreff Video og multimedia

Nysgjerrig på video i undervisninga?

Har du fundert på å bruke video i undervisninga, men ikkje heilt visst korleis du kan gå fram? Her får du erfaringar og konkrete råd fra stipendiat Iris og rådgjevar Silje. Med videoklipp!

Tekst, Silje Belsvik Taftø, rådgjevar Læringsstøttesenteret
Foto, og tilpassa bloggen, Tonje Mogstad Høivik, Læringsstøttesenteret

Drikke kaffi, ete vaffel og lære av kvarandre

Sidan Læringsstøttesenteret starta som prosjekt i 2015, har det hatt som målsetnad å drive møteplassar der alle som er interessert i undervisning og læring kan treffast og dele eigne erfaringar og lære av kvarandre.

Formatet Læringstreff gir høve til nett dette. Her kan vi ta ein kaffi og vaffel medan vi lyttar, spør og lærar saman.

Fredag 26. januar var det Læringstreff på Dragvoll, med temaet Video i undervisninga. På programmet stod to korte bolkar frå Læringssenteret:

  • korleis ein kan bruke video i undervisning?
  • kvar ein finn hjelp til å kome i gong ved NTNU?

Hovudinnhaldet var det stipendiat Iris Aasen Brecke frå Institutt for historiske studier som stod for.

Video i forkurs Latin

Iris Aasen Brecke fekk våren 2017 ansvar for å legge opp undervisninga i forkurs Latin ved bruk av video.

Kvar ho skulle starte vart fort eit av spørsmåla ho stilte seg; skulle ho kjøpe kamera, ordne videoverktøy på maskina si og byrje på eigen hand med videoproduksjon?

Etter å ha områdd seg, fann ho ut at NTNU har eit Multimediesenter som har ekspertise på netteopp videoproduksjon. Multimediesenterert kopla på Læringsstøttesenteret, og i juni møtte vi Iris for å byrje arbeidet saman.

Resultatet vart 6 videoar på mellom 8 og 19 minutt, der Iris går igjennom og forklarar latin grammatikk for sine forkursstudentar.

På Læringstreffet snakka Iris om denne reisa frå ho fekk ansvaret for forkurset til det å lage innhald, finne videoformat, gå i studio og ta i bruk videoane i undervisninga.

Under kan du sjå intervjuet Læringssenteret gjorde med Iris etter treffet.

Alle Læringstreff blir lagt ut i Læringsportalen, og elles annonsert på Innsida i kanalene:

Læringsstøttesenteret oppmodar alle som har lyst å dele erfaringar frå eigen undervisning i eit uformelt fora, om å ta kontakt med oss. Det kan vere frå både analoge og digitale undervisningsopplegg, og det treng ikkje vere berre solskinshistorier. Alle erfaringar kan delast.

Kontaktinfo

Send mail til: kontakt@lss.ntnu.no