Etableringa av kliniske utdanningseiningar i Ålesund er eit prosjekt i regi av NTNU og Ålesund kommune, og har sitt utspring i universitetskommunesamarbeidet.

Styringsgruppa for prosjektet består av Synnøve Vasstrand Synnes, Kommunalsjef Helse, Ålesund kommune og Svanhild Schønberg, Instituttleder Institutt for Helsevitenskap i Ålesund (IHA), NTNU.

Fundamentet for KLUE bygg på eit aktivt samarbeid mellom universitet og praksisstad. Ei klinisk utdanningseining er ein arena for samarbeid om utvikling av konkrete praksisnære læringsaktiviteter, kunnskapsoverføring, samt kvalitet- og utviklingsarbeid. Ein vil også sjå korleis bachelor og masterstudentane i større grad kan hente ut empiri frå praksisfelt.

Arbeidsgruppa i prosjektet er representert av tilsette og studentar ved NTNU, verksemdsleiarar og rådgjevarar innan helse frå Ålesund kommune og USHT (Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester) med prosjektleiar Birgitte Drågen frå NTNU i spissen.

Målet er å utdanne sjukepleiarar med høg grad av praksisnær kompetanse gjennom å styrkje arbeidsmiljøet for læring og fagleg utvikling. Ein ynskjer vidare å skape tilstrekkeleg og attraktive praksisplassar både på bachelor- og masternivå, samt styrkje grunnlaget for rekruttering og det å behalde sjukepleiekompetanse i kommunehelsetenesta. Med bakgrunn i dette tilpassar ein modellen, klargjer roller og utformar kriteria som passar for Ålesund kommune og NTNU.

Arbeidsgruppa skal jobbe med å utforme innhaldet i konseptet KLUE tilpassa lokale forhold og sentrale krav til utdanning av sjukepleiarar på ulike nivå.

Sjå meir på prosjektet KLUe si nettside

Gruppebilde
Frå venstre: Brit Krøvel (Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester), Fredrik Wiesener (Student), Birgitte Drågen (Prosjektleder), May Helen Midtbust (NTNU), Rigmor E. Alnes (NTNU), Elin-Katrin Vegsund (Blindheim og Hatlane omsorgssenter), Ann-Kristin Grindvik (Åse Helsehus), Unni U. Koppen (Skarbøvik sjukeheim), Ingrid B. Mathisen (Haram omsorgsdistrikt), på skjermen: Sissel N. Refsnes (Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt), Ine Malerød (student). Ikkje til stades på biletet: Bodil Haugen Våge (Team Helse) og Helen Berg (NTNU).
Birigitte Drågen
+ posts