Bakgrunn og aktiviteter

Eg er tilsett som universitetslektor ved Institutt for musikk for å undervise i emnet Den kulturelle hjernen. Emnet omhandlar det breie musikk- og kulturfeltet og korleis dette påverkar menneske og samfunn. Eit veksande forskingsfelt peikar også på musikk som eit sosialt, fysisk, emosjonelt og intellektuelt verkty for mennesket. I samfunnssamanheng kan vi bruke musikk og kultur for å føre folk saman og skape ei gruppekjensle – og skremmande nok til å legge til rette for masserørsler og ideologisk gjennomslagskraft.

I 2019 leverte eg masteroppgåva «Å verdsetje kultur er ein trena kapasitet. Om publikumsutvikling, inkludering og eigeninntening i Trondheim kammermusikkfestival». Gjennom Trondheim kammermusikkfestival utforska eg praktiske og ideologiske tendensar som eit resultat av kulturmeldinga «Kulturens kraft». Publikumsutviklingsteknikkar og samtidige kulturpolitiske strømmingar vart drøfta både gjennom tilsette og publikummarar sine auge. Eg fann at festivalen blir oppfatta som å lukkast med å nå eit relativt ungt publikum, men at dei likevel ikkje er i mål med å svare til forventningane som ligg til ei inkluderande publikumsutvikling. I tillegg viste eg at det kulturpolitiske målet om auka eigeninntening i kulturinstitusjonar kan bidra til å auke det økonomiske presset på institusjonar som Trondheim kammermusikkfestival, noko som kan resultere i tiltak som ikkje er effektive nok i arbeidet i retning av eit meir inkluderande kulturliv. Dei to kulturpolitiske målsetjingane inkludering og auka eigeninntening kan difor redusere, heller enn å styrke, kvarandre si gjennomslagskraft.