Hopp til hovedinnhold
Nyhet

Nytt flytande havcampus opna i ekte sunnmørsvêr

Publisert 29. oktober 2026 av Institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk

NTNU Havcampus er opna i Ålesund. Den flytande forskingsarenaen skal styrke samarbeid, utdanning og innovasjon for heile kysten.

Skilt ved inngang til Norsk havteknologisenter i Ålesund
NTNU Ocean Campus er ein del av Fjordlab, Norsk havteknologisenter som opna denne veka i Ålesund

Med kraftige vindkast, regnbyer og forhold som minna om kvardagen langs kysten, vart NTNU Havcampus torsdag offisielt opna i Ålesund. Den flytande forskings- og utdanningsarenaen er ein del av Norsk havteknologisenter og Fjordlab. Den skal styrke samarbeidet mellom forsking, utdanning, næringsliv og offentleg sektor.

Vêret sette sitt preg på opninga, men understreka òg kvifor satsinga er viktig.

– Havet kjem ikkje til oss på stille sommardagar aleine. Skal vi utvikle teknologi som fungerer ute på havet, må ho også fungere når vinden tek tak og regnet slår inn frå havet. Dagens opning vart derfor ei påminning om kva slags naturkrefter både regionen og havnæringane våre lever med kvar dag, seier gudmor og viserektor Anne-Lise Sagen Major ved NTNU i Ålesund.

Eit laboratorium for framtida

Det nye laborariumet skal gi studentar, forskarar og næringsliv tilgang til forskingsfartøy, laboratoriefasilitetar og avansert måleutstyr. Ambisjonen er å gjere havområdet rundt Ålesund til eitt av verdas best instrumenterte kystområde.

Gjennom sensorar, fartøy og digital infrastruktur skal ein samle inn og analysere data frå havmiljø, maritime operasjonar og havbasert infrastruktur. Kunnskapen skal bidra til ny forsking, betre forvaltning og utvikling av framtidas havnæringar.

– NTNU Ocean Campus skal styrke vår rolle som eit leiande fagmiljø innan havteknologi og havromsoperasjonar. Samstundes skal det vere ein møteplass der studentar, forskarar og næringsliv kan arbeide saman om utfordringar som er viktige både for regionen og samfunnet. Dette prosjektet er også eit resultat av godt samarbeid. Takk til alle som har bidrege med kunnskap, engasjement og gjennomføringsevne. Det er deira innsats som har gjort denne dagen mogleg, seier viserektoren.

Framtidas gull langs kysten

Instituttleiar Hans-Petter Hildre peikar på at satsinga skal skape verdiar langt utover sjølve anlegget.

– For mange år sidan sa ein at silda var havets sølv. Eg trur det vi byggjer her kan bli framtidas gull. Havcampuset skal vere staden der studentar, forskarar og næringsliv utviklar og testar morgondagens havteknologi. Her får studentane arbeide tett på utfordringane næringane møter, og vere med på å utvikle løysingane som skal forme framtidas hav-Noreg, seier Hildre.

Ei investering i framtidas Nordvestland

Sparebanken Møre har vore ein sentral bidragsytar til Fjordlab-satsinga. Administrerande direktør Trond Lars Nydal meiner den nye campusen vil styrke samhandlinga mellom kunnskapsmiljø, næringsliv og offentlege aktørar i heile regionen.

– Nordvestlandet har lange maritime tradisjonar, eit internasjonalt næringsliv og sterke kompetansemiljø. Med NTNU Ocean Campus får vi ein arena der akademia, næringsliv og det offentlege kan møtast og utvikle nye løysingar saman. Vårt bidrag er ei investering i framtidas Nordvestland, seier administrerande direktør Trond Lars Nydal i Sparebanken Møre.

Sjølv om NTNU Havcampus ligg midt i Ålesund, er ambisjonen større enn bygrensene. Campusen skal vere ein arena for kunnskapsutvikling for heile kysten, frå dei store maritime miljøa til dei mindre fjord- og kystsamfunna som gjennom generasjonar har levd av havet.

Verdien av NTNU Havcampus ligg ikkje først og fremst i konstruksjonen som no er opna, men i kunnskapen som skal skapast, samarbeidet som skal vekse fram og løysingane som skal utviklast til nytte for regionen, Noreg og verda.

Ordførar i Ålesund Håkon Lykkebø Strand, administrerande direktør i Sparebanken Møre Trond Lars Nydal og viserektor ved NTNU i Ålesund Anne-Lise Sagen Major. Viserektor er også gudmor til NTNU Ocean Campus, eller NTNU havcampus på norsk, står foran flåte som nyleg ble døypt.
Frå venstre: Ordførar i Ålesund Håkon Lykkebø Strand, administrerande direktør i Sparebanken Møre Trond Lars Nydal og viserektor ved NTNU i Ålesund Anne-Lise Sagen Major. Viserektor er også gudmor til NTNU Ocean Campus, eller NTNU havcampus på norsk.
Foto: Børge Sandnes / NTNU
Fem personar som har døypa flåte NTNU Ocean Campus
NTNU Ocean Campus, eller NTNU havcampus på norsk, fekk namnet sitt denne veka. Frå venstre administrerande direktør i Sparebanken Møre Trond Lars Nydal, ordførar Håkon Lykkebø Strand, viserektor ved NTNU i Ålesund Anne-Lise Sagen Major, instituttleiar Hans Petter Hildre og blomsterpike Mille Wiig Vartdal som takket gudmor
Foto: Børge Sandnes / NTNU
Oversiktsbilde av det flytende campuset i Ålesund
NTNU sitt nye campus kan sjåast frå lang avstand. Ved siden av ligg forskningsfartøyet RV Innovator fortøyd.
Foto: Børge Sandnes / NTNU
Ei knust champagne flaske då NTNU Ocean Campus vart døypt
I tradisjon tru, måtte denne Champagne flaske bøte med livet, slik at havcampuset kunne få sitt namn
Foto: Børge Sandnes / NTNU
Ein person viser korleis KI kan nyttast i forskinga
Joel Mills ga dei fremmøtte en idemonstrasjon om korleis data vert samla inn med bruk av KI inne på det nye flytande campuser
Foto: Børge Sandnes / NTNU

Skrevet av Børge Freddy Sandnes

Publisert 29. oktober 2026 kl. 15:34

NyhetÅlesundInstitutt for havromsoperasjoner og byggteknikkHav og havrom