Zoologiske samlingar

Zoologiske samlingar

Dei zoologiske samlingane ved NTNU Vitskapsmuseet omfattar per april 2020 om lag 1040 000 objekt fordelte på ulike delsamlingar.

Dei aller eldste objekta er frå biskop Gunnerus sin aktivitet på 1760-tallet, men den største tilveksten av samlingane har skjedd frå 1960-talet og utetter. 

Samlinga slik ho er i dag, speglar forskingsaktiviteten både i fortid og notid, men er også prega av donasjonar frå privatpersonar.  

Som universitetsmuseum har vi blant anna til oppgåve å dokumentere naturarven gjennom innsamling og dokumentasjon av artar gjennom tid og rom. Dette er viktig for å kunne dokumentere endringar i det biologiske mangfaldet.  
 
Molekylære analysar, særleg analyse av DNA og RNA, er viktige verktøy i forskinga på biologisk mangfald. Som resultat av Institutt for naturhistorie si satsing på slike analysar, har NTNU Vitskapsmuseet etablert ei samling av DNA- og vevsprøver i ultrafrysarar. Gjennom oppbygginga av eit nasjonalt referansebibliotek for DNA-strekkodar har vi også fått ei stor samling referanseindivid (omlag 34 000 pr. juni 2020) som er fysiske belegg for opphavet til DNA-strekkodane som er tilgjengelege i offentlege, opne databasar. 
 
Den zoologiske typesamlinga inneheld om lag 820 objekt brukt i originalskildringar av artar og er særleg verdifull for den taksonomiske forskinga. 
 
Ein oversikt over belegg frå dei zoologiske samlingane ved NTNU Vitskapsmuseet er å finne på GBIF og Artskart.


Vertebratar

Vertebratar


Fiskesamlinga

Fiskesamlinga

Fiskesamlinga omfattar materiale heilt tilbake til 1860-tallet. Samlinga inneheld fisk både frå ferskvatn og saltvatn. Praktisk talt alt materiale er oppbevart på etanol.

Sjøørret. Foto: Jan Ivar Koksvik, NTNU Vitenskapsmuseet

Starten på den marine delen av samlinga var knytt til kartlegging og undersøkingar av Trondheimsfjorden og kysten utanfor på 1870-tallet. Frå da og i nokre tiår framover blei gjennomført ein del undersøkingar på fisk i desse områda. 

Ferskvassfisk og fiske har hatt stor aktivitet ved museet, og innhaldet i samlingane er i hovudsak frå prosjekt frå 1960-tallet og fram til i dag.  Det har i første rekke vore forskningsprosjekt knytt til anadrom laksefisk, laks (Salmo salar) og ørret (Salmo trutta) og desse artane representerer om lag 65 % av samlinga. Mange av prosjekta har vore relatert til sjøar og elver med vassdragsreguleringar.  

Samlinga dekker 248 artar og omfattar dei fleste kjende artane langs kysten og i ferskvatn i Norge, Svalbard og Jan Mayen. Hovudvekta av materialet er frå Midt-Noreg.

Kontakt

Førsteamanuensis Torkild Bakken (fisk i havet)
Førsteamanuensis Jan G. Davidsen (fisk i ferskvatn)
Teknisk samlingsansvarleg Karstein Hårsaker

GBIF datasett: Fiskesamling NTNU Vitenskapsmuseet


Fuglesamlinga

Fuglesamlinga

Fuglesamlinga ved NTNU Vitskapsmuseet består av objekt innsamla frå 1800-talet og fram til nyare tid.

Tiur. Foto: NTNU Vitenskapsmuseet

Objekta er i hovudsak samla inn frå fastlandet i Noreg, men det er også ei mindre historisk samling av fugl samla inn over heile verda mellom 1860 og 1910 (omlag 450 objekt). Denne delen av samlinga inkluderer fleire artar som i dag er utrydningstruga og artar som allereie er utrydda. 

Dei fleste objekta er monterte for utstilling eller skinnlagt for forskningsformål. I tillegg finns ein del skjelettmateriale og ein del objekt konservert på etanol. Dei siste åra er det også tatt vevsprøver av omtrent alle nye objekt ein har fått inn i samlinga. Disse vevsprøvene blir lagra i ultrafrysarar (-80° C). 

De fleste fuglane i samlinga er samla inn i Noreg, og i første rekke i Midt-Noreg. Samlinga inkluderer også egg, dei fleste frå Noreg.

Kontakt

Teknisk samlingsansvarleg Karstein Hårsaker

GBIF datasett: Fuglesamling NTNU Vitenskapsmuseet


Pattedyrsamlinga

Pattedyrsamlinga

Pattedyrsamlinga ved NTNU Vitskapsmuseet består av materiale samla inn heilt tilbake til 1870-talet.

Nebbdyr. Foto: NTNU Vitenskapsmuseet

Objekta er i all hovudsak samla inn frå fastlands Noreg, men det finst også ei mindre historisk samling av pattedyr samla inn over hele verda (ca. 150 objekt).  

Samlinga er sett saman av utstoppa dyr, monterte skjelett, skallar, gevir og objekt konservert på etanol. Dei siste åra er det også tatt vevsprøver av omlag alle nye innkomne objekt i samlinga. Disse prøvene blir oppbevarte i frysarar på -80° C. 

Samlinga inkluderer dei aller fleste pattedyrartane som lever i Noreg. Dei fleste av dyra er samla inn i Norge og hovudsakleg i Midt-Noreg.

Kontakt

Teknisk samlingsansvarlig Karstein Hårsaker

GBIF datasett: Pattedyrsamling NTNU Vitenskapsmuseet


Herptil (amfibum og krypdyr)

Herptil (amfibum og krypdyr)

Herptilsamlinga (amfibium og reptil) ved NTNU Vitskapsmuseet består av materiale innsamla helt tilbake til ca. 1860-tallet.

Slangeham av slettsnok. Foto: Dag Dolmen, NTNU Vitenskapsmuseet

Samlinga består for det meste av objekt konservert på etanol, men det er også nokre få monterte objekt og skjelett. Samlinga inkluderer også om lag 200 objekt samla inn over heile verda i perioden 1868 til 1915. 

Samlinga inkluderer alle amfibie- og reptilartar funne i Noreg. I tillegg er det meir enn 30 artar frå andre land. Dei fleste objekta er innsamla frå Noreg, i første rekke frå Midt- og Sør-Noreg.

Kontakt

Teknisk samlingsansvarleg Karstein Hårsaker

GBIF datasett: Herptilsamling NTNU Vitenskapsmuseet


Invertebratar

Invertebratar

Botnlevande invertebratar i ferskvatn

Botnlevande invertebratar i ferskvatn

Samlinga av botnlevande invertebratar frå ferskvatn er ei av det store samlingane ved NTNU Vitskapsmuseet og består av materiale innsamla frå  1960-talet og framover.

Andemusling. Foto: Dag Dolmen, NTNU Vitenskapsmuseet

Alle objekt i denne samlinga er konservert på etanol. I tillegg består den av data på innsamlingshendingar som ikkje er dokumenterte med fysiske objekt. 

Aktivitetar med innsamling som har bidratt til denne samlinga er m.a. relatert til utvikling av verneplanar for norske vassdrag, kartlegging av menneskeskapte påverknader som vasskraftreguleringar, bruksendringar av areal langs vassdrag, rotenonbehandlingar, avrenning frå gruvedrift samt regional kartlegging av artar og naturtypar. 

Samlinga omfattar dei taksonomiske gruppene Annelida, Coleoptera, Diptera, Ephemeroptera, Hemiptera, Neuroptera, Odonata, Plecoptera, Trichoptera, Acari, Crustacea og Mollusca og inkluderer meir enn 450 artar. 

Materialet er i hovudsak samla inn frå over 1 500 lokalitetar (elver, bekkar, vatn og dammar) i Midt- og Nord-Noreg.

Kontakt

Professor Torbjørn Ekrem
Førsteamanuensis Frode Ødegaard
Teknisk samlingsansvarleg Karstein Hårsaker

GBIF datasett: Freshwater benthic invertebrates ecological collection NTNU University Museum


Zooplankton i ferskvatn

Zooplankton i ferskvatn

Samlinga av zooplankton frå ferskvatn består av materiale innsamla frå 1950-tal og fram til i dag. Alle objekta i denne samlinga er konservert på etanol. I tillegg består den av data på innsamlingshendingar som ikkje er dokumenterte med fysiske objekt.

Bythotrephes longimanus. Foto: Jan Ivar Koksvik, NTNU Vitenskapsmuseet

Aktivitetar med innsamling som har bidratt til denne samlinga er mellom anna knytte til utvikling av verneplanar for norske vassdrag, kartlegging av menneskeskapte påverknader som vasskraftreguleringar, bruksendringar av areal langs vassdrag, rotenonbehandlingar, avrenning frå gruvedrift samt regional kartlegging av artar og naturtypar. 

Dei viktigaste taksonomiske gruppene i samlinga er Cladocera, Copepoda og Rotifera og inkluderer meir enn 130 artar. 

Materialet i hovudsak samla frå lokalitetar (over 1000 vatn og dammar) i Midt- og Nord-Noreg.

Kontakt

Teknisk samlingsansvarleg Karstein Hårsaker

GBIF datasett: Freshwater pelagic invertebrates ecological collection NTNU University Museum


Marine invertebratar

Marine invertebratar

Samlinga med marine invertebratar er ei av dei største samlingane ved NTNU Vitskapsmuseet.

Pollreke. Foto: Per Fredriksen, NTNU Vitenskapsmuseet

Utgangspunktet var biskop Johan Ernst Gunnerus sine innsamlingar på 1760-talet, men i dag finst berre nokre få objekt att etter Gunnerus. 

På 1870-talet starta ei kartlegging av det marine miljøet i Trondheimsfjorden og på Trøndelagskysten. Sidan den gongen har det med ujamne mellomrom vore aktivitet med undersøkingar og innsamling. 

Talet på artar og objekt representert i samlingane er i hovudsak resultat av store prosjekt. Bortsett frå desse store innsamlingsprogramma har også mindre prosjekt og anna aktivitet bidrege med material til samlingane over lang tid. Per november 2020 hadde samlinga 108 000 registrerte objekt, dei fleste konservert på etanol. Av det eldste materialet i samlinga er nokre objekt tørka.   

Det aller meste av materialet er samla inn i Norge, i første rekke frå kysten av Midt-Noreg og den over 600 m djupe Trondheimsfjorden. I tillegg har det vore innsamlingar langs kysten nord for Trondheimsfjorden, og noko i Norskehavet og ved Jan Mayen og Svalbard. Internasjonalt er mesteparten frå dei Nordiske nabolanda, men det er også noko materiale frå Tristan da Cunha i det sørlege Atlanterhavet, etter ein ekspedisjon dit i 1937-38. 

Alle hovudgrupper av marine dyr er representert i samlingane, men somme grupper er overrepresenterte. Dette speglar dels den taksonomiske ekspertisen til dei gjennom tida tilsette ved Museet, heilt frå Vilhelm Storm starta arbeidet med å kartlegge Trondheimsfjorden i 1870.  

Norske farvatn har vore viktige for oppdaging og beskriving av nye artar. Naturhistorikarar i Noreg var tidleg ute med dette, særleg frå tidleg 1800-tal og framover. Samlingane ved NTNU Vitskapsmuseet har mange typar (originale individ) frå originale skildringar av artar, og ein god del av desse er frå Tristan da Cunha.

Kontakt

Førsteamanuensis Torkild Bakken 
Teknisk samlingsansvarleg Karstein Hårsaker

GBIF datasett: Marine invertebrater samling NTNU Vitenskapsmuseet 


Terrestriske og limniske invertebratar

Terrestriske og limniske invertebratar

Den systematiske samlinga av terrestriske og limniske invertebratar ved NTNU Vitskapsmuseet stammar frå biskop Johan Ernst Gunnerus sine innsamlingar på 1760-tallet og Bjarne Lysholm si samling av biller frå 1880-1930.

Aeshna cyanea. Foto: Dag Dolmen, NTNU Vitenskapsmuseet

Hovuddelen av samlinga er frå 1960-talet og seinare, og inkluderer mellom anna sommarfuglsamlingar frå Karl Fredrik Lühr og Runar Krogen og billesamlingar frå Karl Erik Zachariassen og Dagfinn Refseth. Ein nyleg tilvekst på omlag 160 000 identifiserte eksemplar er Frode Ødegaard si samling. Denne samlinga var tidlegare tatt i vare ved Norsk institutt for naturforskning (NINA). 

Samlinga representerer dei fleste hovudgruppene av invertebratar, der Lepidoptera, Coleoptera, Diptera og Hymenoptera utgjer høvesvis 40 %, 20 %, 10 % og 7 % (2017). Nokre av gruppene er overrepresentert i høve til andre. Dette reflekterer både den taksonomiske ekspertisen til dei tilsette ved Museet, og at deler av samlinga er donasjonar av private samlingar. 

Samlinga inkluderer objekt frå alle kontinent, Antarktis unnateke. Døme frå andre delar av verda enn vår heimlege er chironomidar frå Amerika, Afrika, Europa og Asia, ei historisk sirkumpolar samling av Coleoptera og ei samling av Coleoptera frå Sentral-Amerika, Australia, sørlege Europa, Afrika og Papua New Guinea. Det er også ei mindre samling av Lepidoptera frå Malawi og ei samling av terrestriske molluskar frå mellom anna Madeira og Cuba.

Kontakt

Professor Torbjørn Ekrem
Førsteamanuensis Frode Ødegaard
Teknisk samlingsansvarleg Karstein Hårsaker

GBIF datasett: Terrestriske og limniske invertebrater systematisk samling, NTNU Vitenskapsmuseet


Typesamlinga

Typesamlinga

Typesamlinga i zoologi består for det meste av marine invertebratar og insekt.

Dei originale individa forskarar nyttar for å skildre ein ny art vert kalla «typar». Holotypen er individet som ber namnet til arten. Desse individa er særleg viktige i samband med taksonomiske revisjonar av arten, ved skildringar av nærståande artar, og i forsking på systematikk generelt. Ettersom typeindivida er særleg viktige over svært lang tid, er desse tatt særleg godt vare på. 

Ein god del av typeindivida i vår samling er frå Tristan da Cunha, og vart samla under ekspedisjonen NTNU Vitskapsmuseet deltok på i 1937-38.

Kontakt

Førsteamanuensis Torkild Bakken 
Teknisk samlingsansvarleg Karstein Hårsaker