Renessanse toppen

Renessansehagen

Renessansehagen

Velkommen til ein urtehage med form og planteinnhald etter tilrådingar i Noregs første hagebok, utgitt i Trondheim i 1694.  

Renessansehagen på Ringve består av ei kvadratisk flate (eit kvarter), oppdelt i bed med geometriske former. Beda er ramma inn av smale grastorvkantar og skilde frå kvarandre med grusgangar. Dette var hagemoten i renessansetida og den elegantestrukturen skulle reflektere menneska sin kontroll over naturen.  

I beda blir medisinplanter, grønsaker, prydplanter og krydderplanter dyrka om kvarandre. Mange av plantene vi i dag reknar som reine prydplanter, var tidlegare dyrka til medisinske føremål. På planteskilta kan ein lese om korleis plantene tidlegare vart brukt. 

Anlegget rommar i alt 123 ulike artar og sortar, og ein oversikt over desse finn ein i lenkeboksen til høgre. Her kan du også finne ein tekst om den første norske hageboka, "Horticultura", og om forfattaren av boka.  

13 apr 2023

renessanse sidebilder

Renessansehagen. Foto: Vibekke Vange, NTNU Vitenskapsmuseet.

Renessansehagen, Foto: Vibekke Vange, NTNU Vitenskapsmuseet.

Meir om Renessansehagen