Norges eldste dokument
8. februar offentleggjorde Norsk kulturråd si liste over Norges dokumentarv, som er dei mest unike og uerstattelege skriftlege kjeldene i landet. Det eldste «dokumentet» på lista er Kulisteinen, runesteinen som vert rekna for Noregs dåpsattest.
UNESCOs Memory of the World-program er eit internasjonalt register over dokument ein meiner er viktige delar av vår felles arv. «Norges dokumentarv» er første versjon av registeret her i landet, med dokument er særskilt viktige for norsk historie og kulturarv.
Teksten på Kulisteinen er den første gongen ein kjenner til at omgrepet «Nóregi» - altså «Norge» - brukt her i landet. I tillegg er steinen eitt av dei tidlegaste vitnesbyrda om kristninga av landet, då den tidfestar kristendomens inntog: «Tolv vintrar hadde kristendomen vori i Noreg …».
Åtti runer att
Kulisteinen sto opphavleg på øya Kuli i Smøla, utanfor Kristiansund. Den er 1,90 meter høg, har eit innhogd kors på den eine breisida, og runeinnskrift i to loddrette liner på eine smalsida.
Runene er skrivne med det yngre runealfabetet, som vart brukt om lag 800-1400 e.Kr. Til samen er det 80 runer att på steinen. Toppen av steinen er slått av, så teksten kan ha vore lenger.
Tilgjengeleg for publikum
Kulisteinen kom til Oldsagssamlingen hos Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap, no NTNU Vitskapsmuseets samlingar, i 1913.
I starten var ein ikkje medviten om at det var runeinnskrift på steinen, som vart ståande i hagen til museet fram til 1956. Då oppdaga kurator Aslak Liestøl dei to linjene med runer.
Kulisteinen kan sjåast i NTNU Vitskapsmuseet si mellomalderutstilling, og er såleis eitt av dei best tilgjengelege objekta på dokumentarvlista – i tillegg til og vere den eldste. Ein kopi av Kulisteinen er sett opp på Kuli, på staden der ein trur steinen opphavleg stod.
Les meir:
Wed, 20 Jun 2012 16:27:41 +0200