31.05.2010:

Mysteriet under kuskiten

Engler. Foto: Tove Eivindsen / NTNU Vitenskapsmuseet.I 1935 vart kornløa på garden Nettbrattset i Rennebu flytta. Dei siste knappe førti åra før hadde løa vert brukt til kyr – og under kuskiten skjulte det seg eit mysterium.

På ei av golvfjølene var det nemleg rissa inn mystiske figurar. På den 4,6 meter lange trebiten finn ein mellom anna englar, kyrkjer, hestar og ein mann som vert hengt. Men kva det betyr, veit ingen.

Oddmund Farbregd og Kari Brattset. Foto: Tove Eivindsen / NTNU Vitenskapsmuseet.Gardsfolket tok vare på fjøla, og gjennom åra har ungane mora seg med å kike på figurane. Sist veke leverte Kari Brattset og familien fjøla til NTNU Vitskapsmuseet.

- Det er ikkje vemodig, fortel Brattset. – Faktisk er det mest godt å vite at ho no vert skikkeleg tatt vare på.

- Dessutan er eg spent på kva forskarane finn ut!

Mottakar var Oddmund Farbregd, pensjonert arkeolog ved museet. Han fortel at han aldri har sett ei tilsvarande fjøl, med så mange rissingar.

- Men for femti år sidan fekk vi inn ei fjøl med fem hestar innrissa. Den kom frå ei seter på Nerskogen, og det er interessant at dei to kjem frå same bygd, seier Farbregd, som trur fjøla kan vere frå 1600-talet.

På Vitskapsmuseet skal fjøla no konserverast, altså behandlast slik at den vert teken vare på for ettertida. Etter kvart skal teikningane avfotograferast, og ein skal gjere forsøk på å avdekke teikningar som ikkje er synleg for det nakne auget.

Meir:


Wed, 20 Jun 2012 17:04:49 +0200