Prydbedene topp

Prydbedene. Foto: Vibekke Vange, NTNU Vitenskapsmuseet.

Prydbedene side

Prydbedene. Foto: Vibekke Vange, NTNU Vitenskapsmuseet.

Prydbedene. Foto: Vibekke Vange, NTNU Vitenskapsmuseet.

Prydbeda

Prydbeda

Rundt husa på Ringve er det rik fargeprakt om sommaren. Lystgardsstemninga frå den tidlegare historia til garden blir gjort levande av praktfulle bed og staselege utplantingar i kasser.  

I prydbed og kasser betyr komposisjonen av form og farge meir enn det vitskaplege for valet av planter. I desse plantingane blir det brukt mange foredla sorter, medan det i dei andre anlegga i botanisk hage hovudsakeleg er artar og variantar ein finn viltveksande i naturen.  

Framom hovudbygninga på Ringve gard blir beda kvart år planta til med eit nytt fargetema av hovudsakleg eittårige sommarblomer. På tunet er det ein kombinasjon av fleirårige blomsterbed og staselege blomekasser som gir liv til husa frå 1700-, 1800- og 1900-talet.  

Namnet Ringve kjem truleg av det gamalnorske Reyniviðr som betyr "rognetre, rogneskog". Gardshusa på Ringve er i dag sete for Ringve musikkmuseum.   

13 apr 2023