NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Hvordan få s-en inn i Realfagbygget

Jeg viser til mitt innlegg i UA nr. 15-99 om s-en som også ble skviset ut av Realfagbygget. Innlegget ble skrevet i trygg forvissning om at NTNU har den nødvendige faglige kompetanse til å gi en normativ avklaring i denne vanskelige sak. Ukene har gått, mens vi forgjeves har ventet på svar. En av mine utålmodige kolleger tok nylig direkte kontakt med professor Jan Ragnar Hagland ved Institutt for nordistikk, som avklarer saken på følgende måte (gjengitt med forfatterens tillatelse):

«Spørsmålet om fuge -s i norsk er interessant nok - det ser ut til at ei språkhistorisk utvikling er på gang der s-en taper terreng i ein del samanhengar, men kanskje ikkje så mykje i slike tilfelle som akkurat det som er problematisert her. Ein av mine doktorgradsstudentar (Bodil Aurstad) er oppteken av slike spørsmål, men ho er p.t. sjuk. Så la meg prøva meg med ei normativ utsegn om det som synest å vera situasjonen i dag. Det som står i Universitetsavisa med referanse til Olav Husby, er ikkje så ueffent og vil så vidt eg kan sjå, måtta gjelda for samansetjingar med 'realfag' også. Eg vil såleis vera samd i at det må heita Realfagsbygget. Prinsippet for innsetjing av -s vil truleg best kunna illustrerast om ein ser slike ord som Realfagsbygg(et) som eitreledda samansetjing: a+b+c. Innsetjing av -s vil då vera avhengig av om samansetjinga logisk eller semantisk er bygd opp som (a+b)+c eller a+(b+c).

I det første tilfellet som t.d. i Realfagsbygget, må samanhengen vera (a+b)+c. Det vil seia realfag + bygget, ikkje real + fagbygget. Fuge -s er såleis på eit vis med og viser den hierarkiske oppbygginga av samansetjinga logisk og semantisk sett. Dermed skulle det vel vera gitt at alle vanlege samansetjingar med realfag må få -s: realfagsstudent etc. Problemet vert meir diffust når førsteleddet i samansetjinga er tostavingsord med ei avleiing utan sjølvstendig innhald, t.d. ord som maling, doping etc. Då vil vi oftast idag, trur eg, finna samansetjing utan -s: dopingkontroll etc. Men dette vedkjem jo ikkje realfag - språkleg sett.»

Om dette er nok til å rikke Statsbygg (eller var det Statbygg?), er vi usikre på, men registrerer følgende interessante forslag til løsning på navneproblemet (sendt Rektor) fra professorene Per Christian Hemmer, Helge Holden og Signe Kjelstrup: Kall bygget Lars Onsagers hus! (Onsager er NTH-utdannet nobelprisvinner i kjemi fra 1968.) 


Kristian Seip (leder)
Institutt for matematiske fag