NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
ntnu.yes 

Ideen om å bruke vev-signaturen ntnu.no, ikkje berre som vev-adresse, men også som signatur på trykksaker og i andre samanhengar, er så spenstig at Informasjonsavdelinga premierer ideen. Vi presenterer den kreative opphavsmannen lenger bak i avisa. 

Men det er ein hake ved alt. For engelsk-talande må det siste leddet i signaturen oppfattast som eit kontant nei. Og det er jo ikkje særleg positivt. Derfor har det kome eit enda meir kreativt forslag. Det er ntnu.yes! 

Desse kreative innspela representerer kanskje ikkje dei største merkesteinane i NTNUs historie. Universitetsavisa omtalar i dag eit par andre som dei fleste vil meine er hakket større. Men uttrykket ntnu.yes ligg faktisk lenger framme på tunga i år enn ved det førre årsskiftet. Fleire og fleire«kjenner på gikta» at det er blitt fleire ja og færre nei ved NTNU i året som er gått. Denne oppfatninga bygger på rein intuisjon, men den skal ein ikkje flire av, seier vår nye prorektor i eit ferskt portrettintervju. 

Det er nemleg rart med det. Når fleire og fleire universitetskolleger seier «look to Trondheim», gjentar det og nærmast snappar etter luft når dei nemner pågangsmotet, endringsviljen og tempoet her nord for Dovre, ja, da gjer det eit visst inntrykk på oss alle. Det er folk som er blitt rak i ryggen av mindre. 

Vi ønskjer trygg jul og god forandring !