NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
Eit musikkhistorisk tusenårsminne? 

Harpespelaren som underheldt Olav Tryggvason jula 998 

I ei av dei islandske sogene om Olav Tryggvason er det ein tått - ei forteljing - om ein framandkar som kom til Trondheim og gjesta kongen. «Totten om Norne-Gjest» opnar med at kongen får eit varsel om den framande: 

Det var ei natt at kong Olav Tryggvason vakte i bøn i senga si, men alle andre folk sov... Då tykte kongen at ein alv eller ei ånd kom inn i huset, sjølv om dørene var attlatne. ... 

Men tidleg om morgonen sender kongen skosveinen sin for å få greie på kven som kunne vere komen. Sveinen kjem og seier der var komen ein stor, framand mann. Kongen sa: «Far endå ein gong og sei han skal kome til meg!» Så vart gjort, og denne mannen kjem fram for kongen og helsar han vel. Kongen spurde kva han heitte, og han sa han heitte Gjest. Kongen sa: «Kven sin son er du?» Han svarar: «Far min heitte Tord og var kalla Tinghusbit, av dansk ætt, han budde på den garden i Danmark som heiter Grøning.» «Du ser godt ut,» sa kongen. 

Denne Gjest var djerv til å snakke, og han var større av vekst enn dei fleste andre menn, sterk og noko til års komen. Han bed kongen om å få vere der ei stund. Kongen sa då: «Er du kristen?» Gjest sa at han var primsigna, men ikkje døypt. Kongen sa han kunne få opphald ved hirda, «men berre kort tid kan du vere her udøypt.» 

... Kongen spør Gjest: «Kan du nokon idrett?» Han sa han kunne spele harpe og fortelje soger, slik at det tyktest gaman i det. ... 

Kongen spurde Gjest om mange ting, og han løyste dei fleste visleg. Folk seier at denne Gjest kom til kong Olav det tredje året han hadde riket. ... No er det å fortelje at Gjest er med kongen og får tilhald mellom gjestene. Han var ein høvisk mann. 

Ei drusteleg julefeiring 

Sidan gjestinga i tåtten er tidfest til det tredje året Olav Tryggvason regjerte, må det ha vore år 998 Gjest kom til Trond-heim. Han vart verande i kaupangen utover hausten og gjorde nok julefeiringa dette året til noko heilt spesielt for både kongen og hirda: 

No heldt kong Olav drusteleg jul i Trondheim. Åttande dag jul ... Om kvelden tek Gjest harpa si, og slår vel og lenge, slik at alle tykkjer det er hugnad å høyre på, og han slår Gunnarslaget best. Til sist slår han det gamle Gudrunbragd, det hadde ikkje mennene høyrt før. Etter det søv folk om natta, og då blir det omsider stilt ... 

Neste dag får Gjest ete i lag med kongen, hirda og dei andre gjestane. Under samtalen kjem det fram at Gjest kvelden før har inngått eit veddemål med kongsmennene. Kongen hadde fått ein gullring i gåve, som vart synt fram, og ingen tykte dei hadde sett så godt gull som i denne ringen. Ingen unntatt Gjest, og på spørsmål frå dei andre fortel han at han hadde sett gull «som på ingen måte er ringare, men helst synest betre». Kongsmennene hadde gitt Gjest spitord for dette, og ville vedde sju merker sølvpengar på at han ikkje kunne prove påstanden sin. Gjest vart provosert og gikk med på veddemålet, mot at kongen skulle dømme kven som hadde rett. Da kongen seinare på dagen kalla Gjest og ba han syne fram gullet sitt, treiv Gjest pungen sin og tok fram eit brott av ein salring, og kongen såg straks at dette var betre gull enn i kongens ring. «Etter det dømmer kongen pengane i vågemålet til Gjest. Gjestene tykkjest å ha dumma seg ut med denne saka.» 

Det kostesame gullet til Gjest gjorde sjølvsagt kongen enno meir nyfiken på kva slags kar dette var, og kor han hadde fått gullet frå. På spørsmål frå kongen fortel Gjest at han har vore i teneste hjå Sigurd Fåvnesbane, som òg gav han ringen. Han skildrar underlege hendingar og folk han har møtt, blant dei trollkunnige menn, som hadde «drepe mange kjemper og brent mange borger og gjort mykje hærverk i Spania og Frankrike.» Både Olav Tryggvason og kongsmennene hadde mykje gaman av sogene til Gjest, og «Gjest fortalde dei mange morosame soger heilt til det vart kveld.» 

Eventyrlege opplevingar 

Seinare fortel Gjest om fantastiske og overnaturlige hendingar, som da Gudrun Gjukesdotter og ei gygre kvad til kvarandre, eller da han var med Lodbrokssønene og herja ved Alpane, om Sone frå sør for Romaborg, men òg om kong Eirik i Uppsala og om Harald Hårfagre. Til sist fortel han om bakgrunnen for namnet sitt. Han vart kalla Norne-Gjest fordi ei spåkvinne hadde gjort det slik at han ikkje skulle leve lenger enn den kjerten (fakkel, talglys) brann som var oppkveikt da han låg i vogga. Gjest hadde alltid kjerten med seg i harpeskrinet. 

Kongen undra seg storleg over alt det framandkaren hadde opplevd og spurde kvifor Gjest kom til Trondheim. 

Gjest svarar: «Det sveiv meg i hug at eg kunne få nyte noko lukke her hjå Dykk, for De er høgt rosa av gode og kloke menn. Kongen seier: «Vil du ta dåpen no her?» Gjest svarar: «Det skal eg gjere etter Dykkar råd.» 

Slik vart det no, og kongen tok imot han med venskap og gjorde han til hirdmannen sin. Gjest var trufast og følgde kongen godt sidan, og han var godt likt av folk.» 

Tåtten om Norne-Gjest endar like merkeleg som han tok til: 

Gjest tek no kjerten fram or harpe-skrinet sitt. Kongen bad dei kveikje han. Det vart gjort, og då kjerten var kveikt, brann han fort. Kongen spurde Gjest: «Kor gammal er du?» Gjest svarar: «No har eg levd tre hundre vintrar.» «Då er du eldgammal,» seier kongen. 

Så la Gjest seg ned, han bad dei olje seg, og det let kongen straks gjere. Då det var gjort, var det lite att av kjerten. Folk såg at det leid på det siste med Gjest, og det gjekk like fort, at kjerten brann ned og Gjest døydde. Alle tykte dauden hans var merkeleg. Kongen tykte òg om sogene hans, og det tyktest sannast av levedagane hans at det var slik som han sa. 

Vandrehistorie - men òg miljøskildring 

Gudlaug Horgen, som har omsett «Tåtten om Norne-Gjest» til moderne norsk, peiker på at totten etter innhaldet hører med blant fornaldarsogene. Her er nøgda av fantastiske motiv og stoff frå både Volsungasoga og Edda-diktinga kring Sigurd Fåvnesbane. Kan hende har både rammeforteljinga og somme motiv utanlandske forbilde (den greske legenda om Meleager, segna om den vandrande jøden og forteljinga om Johannes Temporibus, som skal ha vore krigar hjå Karl den store og vart 361 år gammal). 

I musikkhistorisk perspektiv er tåtten likevel ei interessant kjelde. Skildringa av harpespelet verkar autentisk og gir eit tilforlateleg glimt av musikkliv i Trondheim for tusen år sidan - jamvel om ein sjølvsagt også må hugse at tåtten ikkje vart nedskriven før to-tre hundreår seinare. Titlane på dei to namngitte musikkstykka er ikkje minst tankevekkande og peiker rett inn i musikkrepertoaret frå vikingtid og tidleg mellomalder. Nemninga «slag» er det same som «slått» i moderne norsk. Instrumentalstykket «Gunnarsla-get» er kjent også frå andre norrøne kjelder og blir sett i samband med segnstoffet kring kong Gunnar, som var vidgjeten for harpespelet sitt. Han vart kasta i ein ormegard med bakbundne hender, men spelte så vakkert på harpa med tærne at alle ormane somna - alle, unntatt den styggaste, som beit Gunnar i hjartet, og slik let han livet. «Gunnarslaget» har trulig vore blant det mest velkjente repertoaret på harpe i vikingtida. Når det heiter at Norne-Gjest slo «Gunnarslaget» best, kan ein vel òg dra den slutninga at kongsmennene kjente dette stykket godt frå før. Like forvitneleg er det at mennene ikkje hadde høyrt «det gamle Gudrunbragd» før. Det er rimeleg å tenke seg at dette stykket hadde namn etter Gudrun, søstra til Gunnar - det var ho som rekte han harpa, slik at han kunne spele i ormegarden. 

Harpespelet til Norne-Gjest åttandedag jul tar oss såleis rett inn i eit musikkrepertoar og ein spelpraksis som var ein arv frå vikingtida. Kulturhistorisk sett var dette repertoaret eit musikalsk motstykke til det norrøne segnstoffet Gjest underheldt den kristne kong Olav Trygg-vason og hirda hans med denne julehøgtida. Om no Norne-Gjest -- ein omvandrande harpespelar og sogeforteljar frå Danmark - aldri så mykje synest vera ein oppdikta person, er han i alle høve den første namngitte musikkutøvaren sogeskrivarane plasserer i Trondheim. Skildringa av den sosiale ramma kring spelet tyder på at kongens menn hadde øre for velklang. Tonane av «Gudrunbragd» stemde sinnet til ro, sidan det omsider vart stilt blant både gjester og kongsmenn. Korleis harpa til Norne-Gjest såg ut, og korleis ho lét, veit vi ikkje. Men musikkens makt var kan hende den same da som no? 
    

TEKST: OLA KAI LEDANG