NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Leder:
Etter Sleipner

Båten som ikkje kunne søkke, sokk enno ein gong. Katamaranen «Sleipner» lånte namnet sitt frå Odins raske hest som med sine åtte bein kunne springa frå kven det skulle vere. Proppa med den beste teknologi pengar kan kjøpe, til konstruksjon av skrog så vel som til navigasjon: Denne farkosten kunne tråkle seg gjennom den vestnorske skjærgården med ein fart kor marginane er skåre til beinet.

Sjøfartsnasjonen Norge opplever nå ein av dei største skipstragediane i moderne tid. «Korleis kunne dette skje» utbryt ei sjokkert nyheitsopplesar i NRK Dagsrevyen. Utbrotet synest å reflektere ei svært sterk tru på kva moderne teknologi kan bringe i form av tryggleik. Underteikna er vakse opp ikkje så mange sjømil frå der vår tids Sleipner fekk sitt banesår. Det har vore mange turar med slike hurtigbåtar gjennom årene. Tanken har melde seg meir enn ein gong når skroget vi sit inni susar gjennom tronge sund: Det går så lenge det går.

Skipperane på fiskeskutene i gammal tid tok sjeldan bryet med å lære seg å symje. Dei visste at dersom dei fall i sjøen, var det lite å gjere. Så kom overlevingsdraktane. I dag er trua sterkare enn nokon gong - trua på at kvar ein utryggleik kan eliminerast, berre ein introduserer den rette teknologien. Slik sett er det symptomatisk at ein i Marintek, kor ein forskar for nokre år sidan utbasunerte i Adresseavisen at sånne katamaranar mest ikkje kan søkke, nå foreslår ei ny høg-teknologisk innretning: Å legge ut eit belte av elektroniske bølgjemålarar ute i skipsleia, som kapteinane skal lite på. Vil vi det?

«Titanic» sokk i 1911. «Sleipner» sokk i 1999. Det hjelpte ikkje at dei begge fekk namn frå det mest kraftfulle i mytologien. Det hjelpte heller ikkje at dei var proppa med det beste samtida hadde av teknologi. Ulykker skjer, og menneske vert råka av dei største tragediar. Skipsfartsnasjonen Norge, teknologinasjonen Norge, er på veg inn i eit nytt årtusen medan etterdønningane frå tragedien i Bømlafjorden framleis sitt i oss. Den katastrofale ulykka bør gjere oss litt meir audmjuke i form av kva nye oppfinningar og ny teknologi kan gje oss av tryggleik.

NTNU har eit tungt ansvar når det gjeld å utvikle teknologi som er gagnleg for samfunnet. Det er ei byrde forskingsmiljøa held i hevd. Men ansvaret stansar ikkje der. Ein skuldar også å gjere merksam på grensene for kva teknologi kan utrette.

Styresmaktene har eit overordna ansvar for å gjere passasjertransporten langs norskekysten så sikker som mogleg. Dersom elektronisk merking av holmar og skjær og innføring av betre redningsvestar gjer til at tryggleiken blir betre, så må desse tiltaka bli gjennomført. Men like farleg som manglande tryggleik, er for sterkt lit til dei sikringstiltaka som føreligg. Ansvarlege i Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap har etter skipsulykka slått frampå om at for sterk tru på at farkosten ikkje kunne søkke, var medverkande til at ikkje meir vart gjort for å evakuere passasjerane. Forklaringane så langt heller vidare i retning av at katamaranen vart dregen av skjæret med motorkraft, ut frå same tru på at båten kom til å halde seg flytande. Slik får uttrykket «skipet som ikkje kunne søkke» ei ny og tragisk dimensjon. 


Tore Oksholen