NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 

«Jeg synes det er oppsiktsvekkende hvordan Kari Moxnes stempler kristne lærere. Etter dette er hun ubrukelig som familiesosiolog, sier statsråd Valgerd Svarstad Haugland.»

Denne kraftsalven sto å lesa i Dagbladet si søndagsutgåve
7. november. Høvet var eit lengre intervju samme avis hadde med NTNU-sosiologen dagen i forvegen, kor Moxnes uttrykker sterk skepsis mot kristne ekteskapskuler.

Dette er tredje gongen i løpet av eit par månader at ein statsråd eller statssekretær frå 

Bondevik-regjeringa har hamna i offentleg polemikk med en akademikar tilknytt NTNU. Først var det Svarstad Haugland

 sin tidlegare statssekretær Odd Anders With, som kom i clinch med professor Kari Melby. Deretter var det helsestatsråd Dagfinn Høybråten og professor Sturla Eik-Nes som tråkka kvarandre på tærne.

Og nå statsråd Svarstad Haugland og førsteamanuensis Kari Moxnes.

- Eg uttaler meg ikkje om Kari Moxnes som forskar, men på dei subjektive innspela ho har kome med. Eg reagerer når ho med referanse til kristne lærarar i vidaregåande skulen, seier at «hvis opplegget er å bringe fortiden tilbake ved å legge vekten på forpliktelser, løfter og slike ting, så tror jeg ikke på det» ? så synest eg dette er ein temmeleg drøy påstand. Det er svært viktig å læra den komande generasjon å ta vare på kvarandre i parforhold. Dersom vi ikkje er opptekne av forpliktingar i parforhold, kva skal ein då vera oppteken av? Dersom ho meiner det som står her, er eg djupt ueinig med ho. Då trekker eg i tvil hennar evner som familiesosiolog. Men eg har ikkje gjeve henne karakter som forskar.

- Meiner du Moxnes blandar saman private meiningar med si rolle som fagperson?

- Ja. Det ho seier her har ingen ting med forsking å gjera.

- Men er det ikkje bra at akademikarar tør å halda ein høg profil i samfunnsdebatten? Dei blir jo oftast skulda for det motsette?

- Jo, men då må dei vera budde på at ein reagerer. Det hadde vore interessant å teke ein fagleg diskusjon med ho om desse tinga. Kari Moxnes har heilt klart mykje kunnskap om dette, det er jo feltet hennar. Men dei konklusjonane ho trekker, er hennar eigne, og dei er subjektive. Då må ho forventa at folk tek til motmæle.

- Vil det ho sa til Dagbladet føra til at du får mindre tiltru til forsking som ber hennar signatur?

- På ingen måte. Ho var nyleg med på å avslutta eit forskingsprogram om barn og unge som ho har vore ein aktiv bidragsytar til. Dette er forsking som det er verdfullt for meg som minister å få inn.

Statsråden meiner Moxnes har kome med angrep som er kritikkverdige på fleire måtar.

- Kari Moxnes går til frontalangrep på kristne menneske, i tilhøve til undervisning når det gjeld ekteskapskuler. Det er den andre sida ved innspelet hennar, kor ho stempla ei heil gruppe lærarar som udugelege innanføre dette feltet. Det er ei svært grov skulding ho kjem med ? som eg reagerer på både som kristen og som lærar.

Statsråden meiner at ein av dei store utfordringane i samfunnet er dei alt for mange parforholda som går i oppløysing. Difor må politikarane gjera meir for å legga til rette for at tala på samlivsbrot skal gå ned.

- Då er det faktisk ganske viktig at ein føler visse forpliktingar for kvarandre. Når ein har gått inn i eit ekteskap så har ein lova kvarandre noko. Dette løftet må meine noko meir enn at det berre skal vare til det dukkar opp ein annan.

- Du er ikkje den første KrF-statsråden som har kome i strid med ein akademikar i universitetsmiljøet i Trondheim: Først var det statssekretæren din og sosiolog Kari Melby, så Høybråten og Eik-Nes. Viser dette at ideologi er viktigare for politikarar i ditt parti og at dei difor ikkje greier å la vera å blanda dykk inn i kva forskarane driv med?

- Eg håpar inderleg politikarar også frå andre parti tek med seg livssynet og ideologien når dei skal taka stilling til etiske spørsmål som har med forsking å gjera. For å ta saka med Høybråten og ultralyd, så er det jo berre Framstegspartiet som ikkje har støtta Høybråten. Representantar frå alle andre parti har gjeve statsråden støtte når det gjeld striden hans med Sturla Eik-Nes. Eg vil minna om ein ting: Vi politikarar vert ofte skulda for at vi lar forskinga få ha heile styringa, og at vi diltar etter med lover og reglar. Her har altså Dagfinn Høybråten ytra ønske om at ein skal ha ein etisk debatt før ein set i gong med forskinga. Det er vår plikt som politikarar å drøfta dei etiske sidene ved forsking.

- Men likevel: Er det tilfeldig at det er KrF-statsrådar eller statssekretærar som har hamna i desse konfliktane?

- Det er nokon av oss som er spesielt engasjerte i felta våre. Eg synest ikkje dette intervjuet med Kari Moxnes er med på å understreka hennar faglege kunne.

- Meiner du politikarane må vera meir aktive når det gjeld å halda forskarane i øyrene?

- Forskarane skal ikkje styrast. Dei skal forska, og produsere resultat. Så har vi sjølvsagt eit lovverk som skal setta grenser for kva dei kan forska på. Bioteknologilova er eit slikt lovverk. Den lova skal opp til revidering i nær framtid, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland.


TORE OKSHOLEN
FOTO: SCANPIX