NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
Skriver I, Karle..?

Frå ymse hald blir vi som universitetstilsette ofte minna om at vi skal vere eit aktivt og levande korrektiv til utviklinga ved å opptre som engasjerte deltakarar i den offentlege debatt, sist frå ordføraren i Tydal her i avisa! Slik, tenkjer ein, skal vi vere med og forme samfunnet, ikkje berre ved å sende frå oss kompetente, flittige arbeidsmaurar som held hjula i sving der ute, og av og til finn opp nye hjul, men også ved her og nå å stille vår kunnskap og kløkt til teneste i ein meir direkte samfunnsbyggjande prosess. Men same korleis det har seg, så er det eit påviseleg faktum at NTNUs hjernetrust på ingen måte er prominent i statistikken over innspel i dei riksdekkande media. Kan det tenkast at NTNU ennå ikkje har nådd full modning, og ennå strevar med å finne sin identitet? Ja, eg har vel ikkje før skrive ordet «identitet», før eg kjenner meg overtydd om at litt av svaret ligg nettopp der. Og utan sikker identitet, heller ingen sikker framtoning på den offentlege arena.

For kva handlar vel overgangen til nytt universitetskonsept om, om det ikkje nettopp er å definere oss sjølve på nytt, altså finne vår identitet; og kva handlar ikkje Orgut om, om ikkje nettopp det å spikre ein organisasjon som skal sikre oss at identitet fødes og blomstrar? Nåja, ikkje alle meiner at det er det som skjer. Nokre meiner til og med at det er nå det tar til å gå skikkeleg gale, at det nå blir lagt opp til ein maktkonsentrasjon på toppen, som ikkje er i universitetets beste ånd og tradisjon.

I Orgut-prosjektet legg NTNU den store kabalen, i ein prosess som er så tung at dei aller fleste føler lite for den, og så omseggripande og fundamental at svært mange er i sterk opposisjon. Og då viser det seg at der trass alt er liv og engasjement, i alle fall innad i universitetet. Både Karle oc Quinder tar pennen fatt og lar sine meiningar komme på trykk, gjennom Universitetsavisa. Nå er ikkje NTNU samfunnet, men eit samfunn er det. Og skal dette fungere, så er ei fri meiningsutveksling essensiell. Men så kjem det: Ennå ein gong skal informasjonsavdelingen ved vårt universitet støypast om, eller endevendast, alt etter som ein tolkar det som skjer. Og ennå ein gong kan ein stille spørsmålet: Kva konsekvensar vil det få for Universitetsavisa?

Eg skal ikkje gje svaret, for eg veit det ikkje. Men eg tar for det første sjansen på å hevde at Universitetsavisa etter den korte tid den har hatt i sin nye habitt, har vist seg som eit framifrå instrument for det frie ord innan universietet. Kvar skulle vi elles ha utkjempa ein drabeleg debatt om exphil? Og kvar skulle Orgut-skeptikarane ha fått sleppe til, utan ei internavis som har som innebygd føremål å vere eit«organ for kommunikasjon, meningsutveksling og fri debatt»? Og korleis skulle ein elles «skape en organisasjonskultur preget av åpenhet og samhold», og under redaktøransvar «bringe stoff som analyserer forutsetningene for, og resultatene av NTNUs virksomhet»? Alle sitat er frå formålsparagrafane til Universitetsavisa, vedtekne av Kollegiet etter forslag frå Redaksjonsrådet.

Ser vi så nye farar for Universitetsavisas stilling under Orgut? Om dei ikkje er eksplisitt til stades som uttrykte formuleringar i det føreliggande Orgut-dokument, kan dei likevel vise seg å eksistere implisitt i den omfattande omorganisering og utviding av informasjonsavdelingen til eit digert serviceapparat, «Informasjonsenheten,» som nå er i ferd med å bli vedteken. La oss ta berre eitt punkt som døme: Den nye «enheten» skal ha eit utvida ansvar for å «rådgi og bistå rektorat, direktør og enheter i deres kontakt med politiske og andre myndigheter..... og den skal fungere som sekretariat for den øvrige ledelsen under dette arbeidet.» Og slik held det fram i punkt etter punkt, med oppgåver knytte til møte-arrangement, publiseringsarbeid, markedsføring,institusjonell informasjon og profilering, sentralbord(!). Og så, aller sist, i det niende punktet, under vekta av alt det ovanståande, heiter det kort at «Direktøren ved enheten skal ha ansvar for utgivelse og profil av Universitetsavisa, Gemini og andre regelmessige publikasjoner fra NTNU». Så kan ein spørje seg: Vil tyngda av alle desse servicefunksjonane kunne true Universitetsavisas stilling? Vi merkar oss at det blir eksplisitt påpeikt at direktøren må delta i ei ei rekke organ for å kunne fylle dei nye oppgåvene. Så blir det i alle fall mindre tid til ansvar for avisa. Er dette det første varselet?

Nå skal ingen kunne skulde korkje vårt nyvalde rektorat eller universitetsdirktøren for å vere av typen Vielgeschrey som under sitt ustanselege diktat igjen og igjen spør sine Skrive-karle: «Har I det.. ?» Likevel, for sikkerheits skuld: Sørg for at Universitetsavisa får ha dei ressursar og den fridom som gjer at både dei tilsette i «enheten» og vi andre utanfor kan vere flittige og frittalande Skrivekarle som avspeglar - og i nokon mon formar - livet ved NTNU, og hevdar våre meiningar, berre avgrensa av vår eigen etikk og av redaktøransvaret. Litt av vår identitet blir til her. Har I det?
 

Kristian Fossheim
leder av Redaksjonsrådetfor Universitetsavisa