- Ja til genmodifisert mat!

- Ingenting ville glede meg meir enn eit måltid med genmodifisert mat, seier Ole Petter Thangstad. Han er forskar ved Unigen, og meiner agrobusiness vil kunne redde verda med genmodifisert mat.

- Eg vil skrekkvisjonane til livs, seier Ole Petter Thangstad ved universitet sitt molekylærbiologiske felleslaboratorium. Han tenkjer på VG og Dagbladets pronomen-journalistikk: «Dette blir DU sjuk av», «Slik kan DU leve lenger» osb. Han tenkjer konkret på det han oppfatta som ein kampanje i desse avisene i sommar, der dei to professorane Traavik og Olsvik frå Tromsø gjekk ut og sa at antibiotikaresistens kan vera eit problem med genmodifisert mat. Erik Solheim hengde seg på og uttalte at dette ville bli eit problem for folkehelsa, noko som i følgje Thangstad var å dra det alt for langt.

- Det er sjølvsagt fagleg usemje om dette, men eg veit ingen fagfolk støttar eit slikt syn. Det er desinformasjon og feil, basert på ei feiltolking av ein teoretisk vitskapleg debatt, seier Ole Petter Thangstad.

Fakta

Saka er at antibiotikaresistens blir brukt som ein markør for å plukke ut dei organismane som er blitt genmodifiserte. Altså, når vi skal setje inn eit nytt gen, bruker vi antibiotaresistensgen, og etter at genet er sett inn, tilfører vi antibiotika, og berre dei plantane som har fått den ønskte «nye» eigenskapen, vil overleva. Spørsmålet blir da om antibiotikaresistensen kan overførast vidare frå planten til bakteriar og eventuelt ramme folk. Dette kan høyrest nifst ut, men i følgje Thangstad har plantane svært lite antibiotikaresistens med seg.

- Det er gjort veldig lite som tyder på at dette er eit problem for folkehelsa. Det som er eit problem for folkehelsa, er at det blir skrive ut for mykje antibiotika til folk, og at det kan føre til antibiotikaresistente bakteriar, men dette er ikkje mitt fag, understrekar Thangstad. Det ser også ut til at problemet med antibiotikaresistens i plantar alt er uaktuelt. På grunn av motstanden mot metoden, blir det funne fram til andre markørar, og det går også an å fjerne antibiotikaresistensen slik at ikkje planten får dette genet med seg.

Thangstad ser på det som eit problem for demokratiet at det er for lite kunnskap blant folk om genteknologi. Avgjerder kan bli tekne på feil premiss. I Sveits skal dei ha ei folkerøysting som kan gjera det forbode å drive store delar av moderne genforsking. Slik kan det gå når kjensler og ikkje kunnskap styrer, meiner Thangstad.

Dagens matfat

- Dersom eg måtte velje mellom ein tallerken med genmodifisert mat og ein tallerken med mat som var grundig sprøyta, ville eg nok vald den genmodifiserte, sjølvsagt etter å ha sjekka kva han inneheldt. Truleg ville det ha vore god mat, seier Ole Petter Thangstad. Han nemner tomaten som har fått slått av eit gen som fører til at han blir meir haldbar. Tomaten vil kunna haustast når han er raud og ikkje grøn, noko som gjev betre aroma og smak.

- Dette er ikkje skummelt, ikkje konservert, ikkje sprøyta eller farleg, seier Thangstad.

Viss han ønskte å smake på genmanipulert mat i dag, måtte han gå til utlandet, der fleire nye plantar er under utvikling. I Canada, til dømes, finst det genmanipulert alfalfa, bygg, raps, mais, vindruer, sennep, erter, potet, soyabønner, sukkerbete og kveite. Dei fleste av desse er gjort resistente (motstandsdyktige) mot sprøytemiddel. Det finst også plantar som produserer stoff som går til åtak på eitt bestemt insekt.

- Er dette ei utvikling som er bra for landbruket?

- Det er ønskeleg fordi det skaper ein større produksjon eller eit betre produkt. Vi må ikkje vri det over i ein økologisk debatt, eller ein debatt om berekraftig utvikling. Verda er slik. Dette er ønskeleg og kan seljast. Derfor blir det laga. Vi har et intensivt, agroindustrielt jordbruk, og det må vi ta omsyn til. Ikkje alle kan ha det koseleg på eit småbruk med fire geiter og nokre kilo potet, seier Ole Petter Thangstad, som i neste augneblink fortel at han gjerne kjøper økologisk dyrka mat. Han har ikkje noko større ønske om å ete gift enn andre folk, men angsten har ikkje teke han. Han meiner økologisk jordbruk er eit supplement for den rike verda. Det kostar meir, og dersom alt skulle dyrkast økologisk, ville det ikkje bli nok mat i verda.

Paradigmeskifte

Ole Petter Thangstad seier vi no opplever eit paradigmeskifte innan foredling. Kulturplant-ane våre har vore foredla i tusenvis av år gjennom utval av ønskte eigenskapar. Molkylær-biologien gjev oss eit nytt verkty, der vi kan gå inn i arvestoffet og endre på eitt gen, som styrer ein eigenskap. Vi kan speede opp den klassiske foredlinga, så å seie, meiner Thangstad. Dei genmodifiserte plantane vi har i dag er berre første generasjons prototypar. Det kjem til å komma til å bli meir avanserte ting framover.

Redde verda?

- Kan genteknologien redde verda?

- Ja. Vi har i dag store problem med avlingstap, erosjon og salthaldig jord, mens folketalet i verda veks. I år 2025 skal vi brødfø 8 milliardar menneske på jorda. I løpet av 10-15 år er molekylært foredla matvarer vanleg. Vi kan vente oss auka produksjon av betre mat på ein meir økologisk rett måte med denne teknologien. Min idealmat i framtida kan vera biodynamisk dyrka, merka, kontrollert og molekylærgenetisk for-edla.

- Er det ikkje ein fare for at agrobusiness vil få enda større makt når den avanserte genteknologien kjem for fullt?

- Eg trur ikkje genteknologien i seg sjølv vil forsterke makta til agrobusiness. Det er ein stor industri allereie, og han skal brødfø ei stor verd, seier Ole Petter Thangstad.

- Er dette verkeleg ei utvikling som vil komma småbønder i India eller Guatemala til gode?

- Det er eit filosofisk spørsmål. Du kan spørje ein sosiolog, ein antropolog eller ein filosof. Eg vil helst ikkje synse, andre fagfolk er meir kvalifiserte til å uttale seg om dette. Det er mykje greiare om vi uttaler oss om det vi kan noko om, seier Ole Petter Thangstad. Det trengst fagfolk og spisskompetanse på genteknologi, og fagkunnskap må liggje til grunn for debatten. Det kan ikkje overlatast til synsarar og tilgrensande fagområde. Det er berre 10-15 stykkje i Noreg som kan å lage transgene plantar (plantar som har fått endra eit gen), og som dermed har spisskompetanse, i følgje Thangstad.

- Er desse dei beste til å vurdere konsekvensane av det dei held på med?

- Det finst sjølvsagt gode og dårlege forskarar, men vi må alle ta eit tverrfagleg etisk ansvar, seier Thangstad. Han irriterer seg kraftig over å bli sett på som ein «teknolog» som har begynt å «tukle» med biologien. Det opplevde han på sommarens genmatseminar i Trondheim.

- Eg er faktisk biolog, og eg kan meir om generell biologi enn mange økologar kan om molekylærbiologi.

- Det er ikkje heilt uproblematisk å vera mot straumen. I dag er det populært å vera skeptisk til genteknologien. Du er smart viss du er skeptisk, men skepsisen har teke overhand, meiner Ole Petter Thangstad. 


MARTE MONA
Forsida

flere nyheter