| Ultralyd
Vi har fått ein konflikt mellom ein statsråd
på den eine sida og eit universitet på den andre. Etter at
helseminister Dagfinn Høybråten tok ein telefon til professor
Sturla Eik-Nes for om lag to veker sidan, har konflikten gradvis auka.
Vi vil tru at «ultralydprofessoren» Eik-Nes kjenner seg nøgd
over å sjå i kva grad den eine etter den andre reiser seg til
forsvar for prosjektet hans og den stillinga han har teke i tilhøve
til statsråden. Eik-Nes har ikkje lyst til å stanse eit forskingsprosjekt
fordi ein statsråd vil det. Dekan Gunnar Bovim var først ute
med å hevde at Høybråten er på veg til å
bryte prinsippene om den frie forsking. Så kom rektor Spjøtvoll
og universitetsdirektør Moe Skarstein til. Dei får følgje
av stipendiat Lise Kvande, som forskar på utviklinga av norsk ultralydteknologi.
Politikarane sine forsøk på å styre medisinsk praksis
er mykje prega av inkonsekvens og dobbeltmoral, seier ho i eit intervju
i denne utgåva av Universitetsavisa.
Statsråd Høybråten kjenner seg provosert
av reaksjonane frå NTNU. Helseministeren seier til Adresseavisen
at han vonar det heile bygger på ei misforståing - at rektor
og direktør ikkje meiner det dei har sagt. I motsett høve
er dette «grovt» av NTNU, meiner Høybråten.
Kvande set fingeren på fleire sider ved dette som
det er vanskeleg å bli klok på. Tidlegare var bruken av ultralyd
langt meir lemfeldig enn i dag. Same kvinna kunne bli utsett for den eine
undersøkinga etter den andre - utan at nokon hadde nokon mistanke
om medisinske komplikasjonar. Men den gongen var det for det meste tyst
frå politikarhald.
Det andre poenget openberrar seg når vi held bruken
av ultralyd saman med fostervatndiagnostikk. Dette siste, som vert brukt
på gravide over 38 år, er kome i skuggen av det første.
Men kvifor er det etisk comme il faut å teste fostervatnet
til eldre gravide, men ikkje ta ultralyd av dei som er yngre?
I dag er det mogleg for gravide å få ultralyddiagnose
allereie så tidleg som i tiande svangerskapsveke. Men då må
ein gjere det privat. Det finst fleire private helseoperatører i
Oslo som gjev tilbod på denne type diagnostikk. Har dei medisinsk
ansvarlege ved desse verksemdene motteke telefonar frå Helseministeren
i det siste?
Når det er sagt, vil vi likevel gjere merksam på
at det finst faglege innvendingar mot Eik-Nes sitt prosjekt. Ifølgje
leiaren for fostermedisin ved Haukeland sjukehus, Torvald Kiserud, har
prosjektet avgrensa forskingsverdi. Kiserud seier til Aftenposten at ultralydprosjektet
ved RiT berre vil ha marginal nyhendeinteresse.
Men slike vurderingar er det helst forskarane som bør
gjere.
to
|