NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 

Forskningsverdas «enfant terrible» professor Sturla Eik-Nes har eit problem. Politikarane vil styra forskinga hans. - Politikarane har rett og plikt til å meine mykje, seier han og smiler. Med samanpressa lepper.

Nasjonalt senter for fostermedisin ved RiT har arbeidd i tre år med førebuingane til eit prosjekt som skal undersøke effekten av rutinemessig ultralyd allereie i 12. svangerskapsveke. (I dag vert ultralyd tilbode rutinemessig i 18. svangerskapsveke.) Men det likte helseminister Dagfinn Høybråten dårleg. Helseministeren understrekar at ultralyd har sin plass på klare medisinske indikasjonar. Han ønskjer heller ikkje å stanse undersøkingane i 18. veke. - Det eg snakkar om, er den rutinemessige letinga etter utviklingsavvik, sa helseministeren som grunngjeving.

- Misliker du debatten som vert ført?

- Den er typisk for debatten om prenatal diagnostikk. Det handlar om ein diagnostikk som mange sjølve gjerne vil ha, når dei er gravide. Men det er og ein diagnostikk som svært mange meiner at andre ikkje bør få, fordi det er så etisk problematisk. Så dette er dobbeltmoralen sitt område. Slik har det alltid vore.

- Dette er eit forsøksprosjekt, men planen er å gjera det til eit tilbod for alle gravide?

- Det er dine ord. Dette er eit forskingsprosjekt. Stadig fleire - ikring 25 prosent - av dei gravide kjem no til oss tidleg i graviditeten. Desse er automatisk i ei risikogruppe for å få problemer. Derfor er vi avhengig av å få svar på kor god diagnostikken vår er tidleg i graviditeten. Prosjektet vårt deler dei gravide som vert undersøkte i to grupperingar. Den eine får tilbod om ultralydundersøking i tolvte svangerskapsveke - etter abortgrensa, eg tek att: etter abortgrensa - og så i 18. veke, medan den andre gruppa får tilbod om undersøking i 18. svangerskapsveke. Slik vil vi venteleg få svar på mellom anna kor flinke vi er til, i tolvte veke, å diagnostisere dei mange dødelege tilstandane - som vi i dag diagnostiserer i 18. veke. Den informasjonen treng vi. Vi er og opptekne av å oppdage problemer forbunde med einegga tvillingar, det dreier seg om problemer vi kan sjå i tolvte veke, men ikkje i 18. veke.

- Men kva med retten til ikkje å vite?

- Den retten har alle fordi dei kan lata vere å møte opp til undersøking. Så vil eg seie at det er ingen kopling mellom vår undersøking, og spørsmålet om ein skal innføre ultralyd for alle i tolvte veke. Den debatten skal førast i full offentligheit, kor mange deltek, og kor politikarane etter det eg veit har til oppgåve å ta ei avgjersle. Det vil ikkje komma noko press frå oss om dette frå oss, vi har ein relativt konservativ etisk haldning her.

- Ikkje noko press, seier du: Men er det ikkje slik at 'bordet fangar' - at dersom resultata som kjem fram konkluderer med klar helsegevinst med ultralyd i tolvte veke - så vert det vanskeleg for politikarane å stå i mot?

- Men dersom helseeffekten er stor, så må ein jo setje seg ned og diskutere det, om effekten er så stor at det veg opp mot dei etiske problema her. Og sjølv om helsegevinsten er stor, kan det likevel tenkjast at dei etiske innvendingane er enno større. Ein annan ting er at i Oslo har faktisk gravide tilbod om ultralyd så tidleg som i tiande veke, på den private marknaden. Det vert annonsert temmeleg aggressivt - annonsar kor det står at «ditt foster kan være alvorlig sykt» og kor ein mot å betala 1 800 kroner skal få svar på det spørsmålet.

- Kva meiner du om det?

- Det har eg ingen sans for. Men faktum er at slike tilbod i alle høve vil verte stadig meir vanleg, men vi veit ikkje nok om kvaliteten på slike undersøkingar. Det er det vi gjerne vil ha svar på med undersøkinga vår.

- Er du ikkje redd for at vi snart kjem i den situasjonen at gravide kan bruka slik ultralydkontroll som ein slags siste «kvalitetskontroll!» før ein bestemmer seg for om barnet skal berast fram eller ikkje?

- Eg trur ikkje vi vil komme i den situasjonen. Vi vil ikkje gjere denne undersøkinga før etter at abortgrensa er ute, slik at eventuelle funn vi måtte verte ført fram for ein kommisjon som skal ta stilling. Det er det eine. Det andre er at tidlegare studiar viser at norske mødre er konservative på dette området. Det skal svært tunge grunnar til for at dei bestemmer seg for å avbryte eit svangerskap.

- Dagfinn Høybråten tok ein telefon til deg før helga. Kva sa han?

- Han ringte meg klokka ni fredag morgon, og uttrykte at han var skeptisk til dette prosjektet. Det er mogleg at mine antenner ikkje er gode nok, men eg forsto ikkje at han eigentleg meinte at eg burde utsetje eller stoppe heile prosjektet. Det forsto eg seinare på dagen, då han i NRK «Her og Nå» i klartekst bad meg om å utsetje studien til Stortinget har debattert Bioteknologilova utpå nyåret. Då sa eg at eg ikkje har lyst til å gjere det, mellom anna fordi det ikkje er nokon kopling mellom denne studien og Bioteknologilova.

- Men har ikkje politikarane rett til å meine noko konkret om forsking som rører seg i eit etisk grenseland?

- Politikarane har rett - og plikt - til å meine mykje om forsking dei gjev pengar til, men det impliserer ikkje alltid rett til å stoppe forskingsprosjekt. Det er nå ein gong slik at vi har fri forsking ved universiteta, sjølv om forsking i visse høve - til dømes genteknologi - også må styrast. Denne studien har vore gjennom den regionale medisinsk-etiske komiteen. Denne komiteen har vurdert den etiske sida av sjølve prosedyrane som skal brukast, den tek ikkje stilling til dei konsekvens-etiske sidene.

- Er ikkje det ein mangel?

- Det ville ført med seg eit enormt byråkrati dersom prosjekta sine konsekvensar og moglege verknader og skulle verte underlagt etisk gransking.

- Det verkar som om denne debatten har komme bakpå deg: Viser ikkje det at du ikkje har vore godt nok budd på opinionen sitt engasjement og sine bekymringar over det du driv med?

- Etter 25 år i prenatal diagnostikk er det ingen ting som kjem bakpå meg når det gjeld samfunnet sitt engasjement. Denne debatten har vi levd med, det vil vi fortsetje med. Det har vi ryggrad til. Eg synest ikkje debatten er vanskeleg å leva med. Det ville vore vanskeleg å leve utan. For det vi driv med gjeld liv og død.


TORE OKSHOLEN
KENNETH AAR (FOTO)