NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Replikk                                                                    Rune Skarstein

Kvar går Universitetsavisa?

I siste nr. av Universitetsavisa (UA) er det eit interessant intervju med universitetsdirektør Vigdis Moe Skarstein om innstillinga frå Ytringsfrihetskommisjonen som ho var nestleiar for. I intervjuet framstår Moe Skarstein som ein sterk talsperson for større ytringsfridom. Ho legg stor vekt på at det skal vere redaktøren og ikkje eigarane som bestemmer kva som skal stå i ei avis. Saman med eit mindretal i kommisjonen meiner ho til og med at redaksjonell uavhengighet bør lovfestast. 

Men på direkte spørsmål om UA sin redaksjonelle status blir ho meir vag. Først hevdar ho at ”Prinsippet om redaksjonell frihet praktiseres for UA i dag. UA har også sin formålsparagraf, slik dagsaviser har det – men ut over det styrer ikke universitetsledelsen hva som står i avisa.” Men ho legg til at det kommisjonen seier om redaksjonell fridom, ”i første rekke” gjeld dagspressa, og at dette
 
”blir litt annerledes enn når det gjelder bedriftsaviser, informasjonsaviser som sådan, som har litt andre formålsparagrafer. … Om vi tar dette som en parallell til NTNU og Universitetsavisa, så har NTNU den doble rollen at universitetet på den ene siden legger til rette for å finansiere en avis som skal blidra til offentlig debatt ? samtidig som at avisa også skal bidra med informasjon om NTNU som sådan.” 

Meiner ho med dette at UA er, eller skal vere, ei ”bedriftsavis” eller ei ”informasjonsavis” for universitetsleiinga? Det vi kan observere er at det som står der av ”informasjon om NTNU som sådan” i aukande grad er universitetsleiinga sin informasjon og ein stadig repetisjon av deira ”visjonar”. Det hender etter kvart mykje på NTNU som ikkje blir nemnd med eit ord i UA, og det er grunn til å tru at dette er i samsvar med universitetsleiinga sin informasjonspolitikk.

UA vart stifta i 1991, som landets første – og einaste – uavhengige universitetsavis. Slik var det ikkje lenge. I 1996 avgjorde Kollegiet at avisa skulle bli underlagd administrasjonen. Kollegiet laga eit umogleg vedtak: Avisa skal redigerast under Redaktørplakaten – men samstundes skal informasjonsdirektøren vere ansvarleg redaktør. Med dette fekk NTNU ei avis som er fri i namnet, men ikkje i gagnet.
 
Dette sa Einar Myrenget, redaktør gjennom det meste av avisa si snart ti år lange historie, til Under Dusken for eit halvår sidan: ”Jeg tror nok at begrepet selvjustis har vært sterkere i redaksjonen enn vi har likt å innrømme.” Han sa vidare at avisa har vore einsidig oppteken av kva leiinga ved NTNU seier og gjer.

Det er sikkert stor semje om at NTNU treng ein pressesekretær eller informasjonsdirektør som kan hjelpe universitetsleiinga å forklare kva dei eigentleg meiner. Den som er i tvil om at slik hjelp trengst, rår eg til å lese spalten ”Lederen har ordet” i siste nummer av UA. Men dersom NTNU treng berre eit informasjonsorgan for leiinga, vil eg hevde at det er i meste laget med ei avis. Kollegiet bør derfor ta konsekvensen av sitt vedtak frå 1997 om at ”Pressens ’Redaktørplakat’ og ’Vær varsom plakat’ skal legges til grunn for arbeidet i UA”. Det må innebere at avisa sin redaksjon blir organisatorisk skild frå NTNU sin informasjonsdirektør. 

I Under Duskens intervju med Einar Myrenget får vi også vite at UA sitt redaksjonsråd er blitt nedlagt i strid med Kollegiet sine Retningslinjer. Dette rådet bør snarast bli gjenoppliva dersom UA skal vere ”et organ for kommunikasjon, meningsutveksling og fri debatt”, som det så vakkert heiter i Kollegiet sine Retningslinjer. 

Rune Skarstein