NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Kult å vera datanerd







 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Medan dei unge dataentusiastane møtest i store idrettshallar, har dei eldre IT-ekspertane eigne eksklusive treff. Lene Jensen (31) (t.h.) og Hanne Moa (23) er to av desse.

Den nye generasjonen dataentusiastar er «IRC-beibs» i korte toppar og hippe skeitarar med buksa godt nedpå baken. Stadig fleire jenter søkjer seg til datamiljøa.

Sosiolog Hege Nordli avliver myten om datanerden.

- Datanerdar dusjar seg, går i velstelte klede og ser ut som alle andre ungdomar, seier Nordli som i doktorgradsarbeidet sitt forskar på kvinnelege hackarar.

- Ut frå mine observasjonar på gatherings (dataparty, messe for unge dataentusiastar, red. anm.) har eg fått inntrykk av at det er in å vera datanerd. På norske gatherings finn du i dag «IRC-beibs» i korte toppar og hippe skeitarar med buksa godt nedpå baken. Å vera god i data er eit pluss i mange ungdomsmiljø.

Bush party

Nordli hevdar at PC-en som multimediamaskin har eit bruksområde som passar ungdomsgenerasjonen godt.

- Pugging er ikkje lenger så sentralt i skuleverket. I dagens informasjonsflaum er det viktigare å vera kjeldekritisk og kunne sila kvalitativ god informasjon frå dårleg.

Nordli meiner å sjå eit skilje blant dataentusiastane i Norge.

- På dei ulike norske datapartya som til dømes blir arrangert i Lakselv, Årdal og på Hamar, finn du alle typar datainteresserte ungdommar, frå dei som knapt kan noko til dei som er «ekspertar». I tillegg finst det eit miljø for dei meir kunnskapsrike, so kalla bush party eller scene party. Desse partya blir i liten grad annonsert over internett eller gjennom offisielle kanalar og er difor vanskelegare å få vera med på.

Jenteauke

Stadig fleire jenter søkjer til datamiljøa. Til dømes på Norges nest største gathering i Lakselv var det i år over éin tredjedel jenter. Dette var ein kraftig auke frå i fjor. Hege Nordli meiner å sjå to ulike typar jenter i miljøet, groupies og datajenter. Dette omgrep som blir brukt i miljøet.

- Groupies er jenter i 15-16 års alderen som i hovudsak er der for å treffa gutar og for å chatte på nett. Desse har ofte liten dataerfaring og er i klart fleirtal. Datajentene derimot høyrer til i datagrupper og er ofte einaste jente i gjengen; dei vil vera éin av dei andre og ynskjer ikkje ekstra merksemd fordi dei er jenter. Desse jentene har lang fartstid bak datamaskina og er kunnskapsrike. Så sjølv om miljøet på gatherings ikkje er like gutedominert som tidlegare, er det framleis gutane som er dei mest datakyndige, seier Nordli.

Hacker vs. cracker

Nordli si doktorgradprosjekt ber arbeidstittelen «PCskjørt fra Kodeknekker til Internettpiloter. En kvalitativ studie av kvinnelige hackere.» Nordli håpar ved å studere ei ekstremgruppe, som kvinnelege hackarar, vil dette ikkje berre gje kunnskap om ekstremgruppa, men vil samstundes seia noko om kvinner sitt forhold til data generelt. Nordli har til no ikkje kome i kontakt med kvinner som titulerer seg om «hacker».

- I datamiljøa er «hacker» eit honnørord til dei som er genialt gode ? i motsetnad til cracker som driv illegal dataverksemd. Dyktige datakvinner vegrar seg for å karakterisera seg sjølv som «hacker», fordi dei meiner dei ikkje er dyktige nok til å smykka seg med tittelen. 

Hekta på nettet

Lene Jensen vart aggressiv og skjelven i heile kroppen når ho var avlogga frå nettet. Ho var nettavhengig.Det er ikkje Hanne Moa sjølv om ho sit opp til 15 timar føre skjermen kvar dag.

- Det å sitja framføre datamaskina døgnet rundt er ein livsstil, seier Hanne Moa. Informatikkstudenten sit framføre
datamaskina når ho ikkje søv, et eller går på do.

- Det kan bli opp til 15 timar per dag, seier 23 åringen som ikkje vil karakterisera seg for nettavhengig.

Éi som derimot var nettavhengig, er Lene Jensen, også informatikkstudent. Ho sto i fjor ope fram og fortalde om korleis ho følte seg som ein narkoman i omgang med internettet.

Nettsjuke

- Eg vart aggressiv og skjelven i heile kroppen når eg var avlogga. Alt eg tenkte på var at eg ville logga meg på igjen.

- Straks eg var ute på internettet, vart eg avslappa og roleg att; eg kjende meg som eit menneske, fortel Jensen. Det er sju år sidan ho innsåg at internettet hadde teke kontrollen over livet hennar. Jensen tok seg sjølv i nakken og greidde å koma over misbruket på eiga hand. Det er ikkje alltid det går so lett. Jensen og Moa har sett mange datavener som har blitt hekta på nettet.

- For dei fleste går denne umiddelbare fascinasjonen over etter eitt år, og dei får eit meir naturleg forhold til det å nette, seier Jensen som i dag maksimalt bruker 40 timar i veka. Jensen var primus motor bak dataforeininga Nettverksgruppa (NVG) som vart oppretta i 1990. Hanne Moa byrja i NVG med ein gong ho flytta til Trondheim i 1997. Talet på jenter i NVG har auka dei siste åra, men framleis er gutane i klart fleirtal.

Nettsex

Sosiolog Hege Nordli ved NTNU leverte i fjor ei hovudoppgåve som viste at internettet er blitt inngangsporten til IT for jenter. Dei sørfar, søkjer og snakkar på nettet - som regel i den rekkefølgja. Nordli sin studie viste dessutan at kyberverda er blitt ein viktig møteplass for mange jenter, fordi denne verda er kroppslaus og fritek difor jentene frå dei sterke krava som blir stilt til utsjånad. Gjennom pratelinjene utforskar gutar og jenter identiteten sin. Den virtuelle røynda opnar for at brukaren kan justera personlegdomen sin, lyga litt på alder og kjønn - fordi ein ikkje treng bruka sitt ekte namn.

Både Moa og Jensen bruker mykje tid på seriøse pratelinjer.

- Det er morosamt å lata som om du er ein anna person; du kan flørta med gutar, testa ut personar eller diskutera faglege emne, seier Moa.

Jensen legg til at det ikkje alltid er hyggjeleg å vera kvinne på nettet:

- Mange jenter blir plaga av pågåande menn som vil alt frå å be dei ut på middag til å ha nettsex.

Moa understrekar likevel at pratelinjene fungerer mest som ein arena for leik med identitet og psyke.

Moa og Jensen har mange års røynsle med mus og tast. Ingen av dei deltek på gatherings lenger.

- Eg har ingenting å henta der lenger - korkje sosialt eller fagleg, seier Jensen. Moa samtykkjer. Dei to er med på IRC-kanalar, pratelinjer, der deltakarane også møtest i det verkelege livet til både faglege og sosiale arrangement. Dei to hevdar at pratelinjer ikkje har erstatta det sosiale livet, men at det fungerer som eit supplement.


NORALV PEDERSEN
KENNETH AAR (FOTO)