NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
NTNU bryt IT-løfte

NTNU vil ikkje tilby student-PC til 5000 kroner slik dei lova tidlegare år. Studentane ved NTNU føler seg snytt.

Internettoppkoplinga på Steinan og Moholt har skapt eit stort behov for PCar hjå bebuarane. Det viste ein IT-rapport som Universitetsavisa kunne presentera i april. Dåverande IT-sjef ved NTNU, Stig Ole Johnsen, lova den gongen at NTNU truleg i løpet av 1999 ville kunne tilby studentane ny PC til 5000 kroner.

No viser det seg at NTNU ikkje greier å innfri dette. NTNU hadde samtalar med eit taiwansk firma som kunne tilby billege PCar til studentane ved NTNU. Dei store dataselskapa la ned restriksjonar mot denne type produksjon, og arbeidet med ein eventuell avtale er no lagt på is. Den nye IT-sjefen ved NTNU, Roar Aspli, seier at NTNU ikkje vil kunne tilby billege student-PCar i næraste framtid fordi den økonomiske vinninga med ein avtale vil gå opp i den administrative spinninga.

Studentane er skuffa

- Studentane i Trondheim har sett fram til at NTNU kunne tilby ein PC til 5000 kroner og er difor skuffa når me ser at det ikkje har kome i stand ein avtale, seier Nina Ruth Kristoffersen, leiar av Studenttinget. Ho meiner at studentar har stort utbytte av å ha ein privat PC, spesielt etter at det har kome internettoppkopling på svært mange studentbustadar.

- Med dagens prisnivå på PC blir dette nesten ein umogleg investering for mange studentar som har det trangt økonomisk frå før, hevdar Kristoffersen. Ho håpar at NTNU held fram med arbeidet for å skaffa PCar til ein lågare pris.

- Det burde vera ei smal sak å få til ein rimeleg og god avtale mellom leverandør og NTNU, avsluttar leiaren av Studenttinget.