Doktorgradskandidatar som yrkesgruppe

Å vere doktorgradskandiat kan til tider føre til ein del merkelege opplevingar. På ein eller annan måte finst det heile tida instansar, både lokalt og nasjonalt, som meiner at dei har rett til å definere kva ein doktorgradskandidat er eller bør vere. Til dømes har Lånekassa definert doktorgradskandidatane som studentar fram til 1995 - til ein eller annan plutseleg fann ut at det var pengar å spare på å kalle doktorgradskandidatane for arbeidstakarar. Arbeidsdirektoratet derimot finn det best å definere doktorgradskandidatar som studentar, for då slepp ein ansvaret for denne yrkesgruppa.

Doktorgradskandidatar som ikkje har klart å levere noka avhandling innan slutten av arbeidskontrakten, blir utan inntekt og dermed arbeidslause. Men dei er i dag, såvidt eg veit, den einaste yrkesgruppa som må skrive under ei erklæring på at dei ikkje kjem til å arbeide med den uferdige avhandlinga for å kunne ha rett til arbeidsløysetrygd. Ein doktorgrads-kandidat som tvinnar tommeltottar, er altså ein betre arbeidssøkjande enn ein doktorgradskandidat som prøver å gjere ferdig eit arbeid som samfunnet har investert ein heil haug med pengar i, mens han ventar på jobb. Ein kan diskutere om det verkeleg er mogleg å utnytte systemet slik at ein får avslutta avhandlinga si ved hjelp av arbeidsløysetrygd utan å vere reell arbeidssøkjande, men det er ein annan diskusjon.

Doktorgradskandidatane ved HF-fakultetet og SVT-fakultetet er denne hausten så heldige at dei får oppleve byråkratiet ifrå endå ei spennande side. Frå før har ein kvart semester irritert seg over at ein måtte registrere seg og møte opp på Studentekspedisjonen - som vanlegvis ikkje har noko med doktorgradskandidatar å gjere - der ein måtte fylle ut eit registreringskort med opplysningar som har vore dei same sidan ein skreiv under kontrakten sin, og som nesten heilt sikkert kjem til å vere dei same heilt fram til ein leverer avhandlinga. No har ein sett opp praktiske terminalar og innført registreringsfristar, slik at ein doktorgradskandidat som ikkje får registrert seg tidsnok (t.d. fordi han har blitt tilsett etter fristen), skal føle at han har gjort noko ulovleg. Studenteks-pedisjonen avviser doktorgradskandidatane bestemt og uhøfleg og meiner at det er kandidaten sin feil. Mens ein doktor-ing.-kandidat får betale semesteravgifta for alle tre eller fireE åra samla når han startar på doktorgradsprogrammet, blir doktorgradskandidatane på Dragvoll kvart semester mint på at dei ikkje høyrer til «det gode selskab» enno.

Ein ting er heilt klart: doktorgradskandidatar har ein arbeidskontrakt og er underlagt tenestemannslova. Ved val innan universitetssystemet stiller doktorgradskandidatar som mellombels tilsette dersom ikkje doktorgradskandidatane er representerte som eiga gruppe. Ved HF-fakultetet har ikkje doktorgradskandidatane noko eksamen. Ein følgjer riktignok ein del obligatoriske kurs og seminar, men opplæringa og rettleiinga ein får når ein er teken opp på eit doktorgradsprogram, er først og fremst ein del av rekrutteringsprosessen inn i eit forskingsmiljø. Desse kursa må ein følgje, sjølv om ein skriv avhandlinga mens ein allereie har ei fast stilling. Doktoravhand-linga er prov på at ein er i stand til å arbeide i eit forskingsmiljø. Doktoravhandlinga i seg sjølv har derimot relativt lite å gjere med tilsettingsforholdet. Ein doktorgradskandidat er tilsett i tre eller fire år for å forske på eit spesielt emne. Dersom ein innan denne fristen ikkje rekkjer å avslutte avhandlinga, har ein likevel oppfylt arbeidskontrakten (viss ein kan vise til resultat undervegs). Arbeidsav-talen og avtalen om opptak til organisert forskaropplæring er to ulike ting. Det at arbeidsavtalen opphøyrer, tyder ikkje nødvendigvis at avtalen om forskaropplæring opphøyrer.

Sjølvsagt innber det å kvalifisere seg til noko, at ein må lære noko nytt, men alle vitskapleg tilsette går på ulike kurs og seminar utan at dei dermed blir klassifiserte som studentar. Ein post-doc-kandidat er heller ikkje nokon student, men ein forskar som prøver å kvalifisere seg til ei spesiell stilling.

Det er på tide at doktor-gradskandidatane får status som eiga yrkesgruppe. Rektor ved universitetet i Oslo har i eit brev av 30.01.97 til Det Norske Universitetsrådet gjort det heilt klart at «det bør ikke herske tvil om at stipendiater er tilsatte ved institusjonene og ikke kan betraktes som studenter. En stipendiatstilling er å anse som et arbeidsforhold ved institusjonen».

Når det gjeld semesteravgift, meiner Universitetet i Oslo at dei ikkje kan sjå «gode grunner, verken faglige, praktiske eller økonomiske til at kandidatene fortsatt skal defineres som studenter innen rammen av Lov om studentsamskipnader og dermed betale semesteravgift». Men sidan mange doktorgradskandidatar brukar Stu-dentsamskipnaden sine tenester, trur eg ikkje at doktorgradskandidatane har problem med å betale semesteravgift. Med den lønna ein får i dag, er det nok óg framleis viktig at doktorgradskandidatar får ein del spesialavtalar for å sikre rekrutteringa, men slike avtalar bør gjelde for doktorgradskandidatar som yrkesgruppe og ikkje for studentar og «liknande».

Universitetet i Oslo har teke eit klart standpunkt til doktorgradskandidatane sin status, det same bør ein gjere ved NTNU. Alle som er tekne opp på eit doktorgradsprogram, er doktorgradskandidatar; dersom ein får stipend, kan ein óg kalle seg for doktorgradsstipendiat eller berre stipendiat, men doktorgradskandidatar er alltid tilsette og ikkje studentar. Doktorgradskandidatane ved NTNU ønskjer derfor ikkje å bli kalla doktorgradsstudentar i nokon samanheng. Kven som betaler lønna til den enkelte doktorgradskandidaten, har heller ingenting å seie. Ein doktorgradskandidat er ein doktorgradskandidat, det same om pengane kjem frå universitetet, Kollegiet, Forskingsrådet, Sintef eller andre. Det er heller ingen skilnad på gradane, ein dr.ing. er like mykje verd som ein dr.scient, dr.med., dr.polit. eller dr.art (osv). I og med at ein må spesifisere fagfeltet sitt likevel, kunne ein like godt bruke berre éin doktorgrad ved NTNU, t.d. dr.NTNU eller bruke den meir eller mindre internasjonale nemninga PhD. Men det er i alle fall heilt klart at det er på tide at doktorgradskandidatane blir aksepterte og respekterte som eiga yrkesgruppe!

Jens Haugan
Leiar for DION (Doktorgradskandidatanes interesseorganisasjon ved NTNU)
http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/dion/dion.htm
Forsida