NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Lærarane er dårlegast i klassen
- Elevane må læra seg til å bli kjeldekritiske til informasjonen dei finn på internett, seier lærarkollegaane Birgit Øien (t.v.) og Linda Torgersen.

Ny undersøking viser at tre av fire elevar meistrar internett, medan det kun er kvar andre lærar som meistrar det nye mediet.

Halvparten av norske lærarar kan ikkje bruka internett. Unge lærarar er flinkare med internett enn eldre, og menn kan meir enn kvinner. Det viser ei stor undersøking om lærar sin bruk av ulike læremidler, der også bruken av IKT (informasjon-, og kommunikasjonsteknologi) heime og på skulen inngår.

- Internett blir svært lite brukt i undervisninga. Det seier sitt når det kun er seks prosent av samfunnsfagslærarane brukar nye mediet, og det er denne lærargruppa som brukar nettet oftast i undervising, seier fyrsteamanuensis Berit Skog ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU, som har leia undersøkinga. Ho har hatt hjelp av vitskapsassistentane Frank Herman Hernes, Erna Håland og Morten Hestmann. Undersøkinga er gjennomført på oppdrag frå Nasjonalt læremiddelsenter og byggjer på ein spørjeundersøking blant eit landsrepresentativt utval lærarar i 1. til 10. klasse våren 1999. ALLFORSK administrerer undersøkinga. 1789 lærarar frå 188 skular svara på spørjeskjema. Svarprosenten var 51. Utvalet i undersøkinga skil seg ikkje frå lærarpopulasjonen. Føremålet med undersøkinga er å evaluere Læreplanverket for den 10-årige skulen (L97).

Ting tek tid

Berit Skog trur dårleg tilgang til datamaskiner med internett, haldningar og tidsmangel kan vera nokre av årsakene til at så få har integrert internett i undervisninga. Ho viser til at mange lærarar i undersøkinga påpeikar til dømes at det er få datamaskiner med internett, og desse er ofte lite tilgjengeleg.

I L97 står det at IKT skal integrerast i undervisninga. Likevel seier kvar femte lærar at dei ikkje ville brukt internettet sjølv om det var tilgjengeleg. Og kun kvar andre lærar finn internettet relevant i undervisninga.

- Det er eit langt steg frå visjonen i L97 til røynd. Det er klart at det vil ta tid å endra spesielt dei eldre lærarane sine haldningar til IKT, hevdar Skog og meiner spesielt eldre lærarar treng opplæring i bruken av internett.

Lærarar oppfordrar elevane i liten grad til å bruka internett som læremiddel i skulearbeidet. Framleis tykkjer eit stort fleirtal av lærarane at det er lærebøkene som er det viktigaste læremiddelet, med leksikon på ein klar andreplass. Internettet blir rangert etter både teksthandsamling på datamaskin og cd-rom.

Stor hjelp for funksjonshemma

- Sjølv om mange lærarar vegrar seg for å ta internettet i bruk, har lærarane ei reflektert haldning til det nye mediet. 70 prosent påpeikar viktigheita av kjeldekritikk, det å sortera informasjonen på nettet, seier Skog.

Undersøkinga har også to andre interessante resultat:

- Datamaskin er til stor hjelp i undervisninga for elevar med funksjonshemmingar. 65 prosent av lærarane seier at til dømes elevar med dysleksi får ein betra læresituasjon med datamaskin, seier Skog. Dessutan er lærarane lite nøgd med bibliotektenesta ved skulane. Nesten halvparten av lærarane oppgir at biblioteket ikkje er sentral i undervisninga. Lærarane meiner biblioteka er for dårleg utstyrt på ei rekkje felt, alt i frå skjønnlitteratur til internett.

Til slutt: Undersøkinga viser at nynorskbrukarar meistrar internettet betre enn personar som skriv bokmål. Så veit du det. - Gje oss opplæring og PC-ar

- Eg saknar opplæring i bruk av internett, seier Birgit Øien, ein erfaren ungdomsskulelærar ved Rosenborg skule som til no ikkje har hatt datamaskiner med internett. No blir det snart éi datamaskin med internett på kvart klasserom.- Før ein fyller skulen med internett, må lærarane fyrst kunne bruke det nye mediet, seier Øien. Lærarkollega Linda Torgersen var ferdigutdanna for tre år sidan og har ingen problem med å bruka internett.

- Medan dei unge er flinkare til å læra seg slike tekniske ting som internett, har eg lærevegring på dette feltet, ler Øyen.

Begge to er samde om at elevar med internett i heimen har eit stor fortrinn i skulearbeidet.

- I til dømes prosjektoppgåver der bruk av internett er sentralt, har desse elevane lettare tilgang på kunnskap, fortel Øien. Ho er redd for at det skal oppstå eit klasseskilje mellom dei som har tilgang på internett heime og dei som ikkje har det:

- Når det står i Læreplanverket for den 10-årige skulen (L97) at internett skal integrerast i undervisninga, må elevane sikrast tilgang til mange fleire datamaskiner med oppkopling.

Linda Torgersen og Birgit Øien meiner at internett ikkje er alfa og omega i skulen, men meir eit hjelpemiddel på lik linje med til dømes lærebok og leksikon. Dei understrekar også viktigheita av å gjera kjeldekritiske elevane til det dei finn på internettet.

- Elevane er veldig ukritiske til det dei finn på nettet. Det er mange døme på elevar som sluker heilt rått det dei finn. Mange elevar orkar heller ikkje lenger å leita seg fram til informasjon i leksikon, seier Linda Torgersen.




NORALV PEDERSEN
KENNETH AAR (FOTO)