NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
 
- Kvaliteten på ein doktorgrad må vera det viktigaste, ikkje den samla tida ein brukar på å få seg ei utdanning, seier doktorgradskandidat Jens Haugan.  
   

Snarveg til doktorgrad

Det Norske Videnskaps-Akademi vil ha ei meir effektiv forskarutdanning og går i inn for at studentar i visse fag kan ta til på doktorgradsstudium direkte etter cand.mag.
 

Det Norske Videnskaps Akademi (DNVA) vil ha ei meir effektiv forskarutdanning og føresler i sitt forskingspolitiske dokument «Norsk forskning ved sekelskiftet» at doktorgrads- og hovudfagsstudium skal bli to parallelle studievegar med ulik profil og lengd.

- Ei internasjonalisering av gradssystemet bør også vurderast, skriv DNVA og viser til den anglo-amerikanske tradisjonen, og også til Sverige, der det er høve til å starta på eit doktorgradsarbeid frå cand.mag.-nivå (bachelorgrad).

- Dette er den vanlegaste vegen inn i forsking i desse landa. Studium på hovudfagsnivå (mastergrad) blir teke av dei som ønskjer noko forskingserfaring utan å ta sikte på ei forskarkarriere, skriv DNVA, men peikar samstudes på at det i mange fag vil vera unaturleg å starta på ein doktorgrad etter fireårige lågare grads studium (cand.mag/bachelor). DNVA sler difor fast at det også må vera høve til å starta på eit doktorgradsstudium etter ein hovudfagseksamen.

Skepsis

Jens Haugan, tidlegare leiar i DION (Doktorgradskandidatanes interesseorganisasjon ved NTNU), er skeptisk til forslaget frå DNVA så lenge det er grunngjeve i effektivitetsomsyn:

- Kvaliteten på ein doktorgrad må vera det viktigaste, ikkje den samla tida ein brukar på å få seg ei utdanning. Ein norsk cand.mag.-grad kan i spesielle tilfelle takast med mindre enn 50 sider sjølvprodusert tekst, når ein ser bort frå eksamensoppgåvene. Det betyr at ein har minimal skrivetrening før ein eventuelt startar på ein doktorgrad. Hovudfaget fungerer som ei kvalifisering til forsking som sikrar eit godt grunnlag, hevdar den tidlegare stipendiaten ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. Haugan spør seg kva kriterium som skal brukast for å vurdere om ein student på cand.mag.-nivå er spesielt «flink» og fortener å ta ein doktorgrad.

- Eit anna viktig poeng er at eit hovudfag trass alt kvalifiserer til eit lektorat dersom ein tek den praktisk-pedagogiske utdanninga i tillegg, seier Haugan som meiner at med dagens opplegg for dr.art.-graden ved HF-fakultetet, ville undervisningstilbodet vere altfor dårleg til å kunne kompensere for eit manglande hovudfag.

Undervisningsplikt

I 1993 vart det gjennomført ei doktorgradsreform i Norge. I følgje DNVA er
resultatet av reforma vellukka. Ein NIFU-rapport får 1997 viste til dømes at fleire stipendiatar fullfører doktorgraden, og at dei brukar kortare tid enn tidlegare. DNVA påpeikar likevel at tidsnormeringa på tre år er eit problem.

- Forskarutdanninga kan nok
effektivt sett ta tre år, men dette er ofte ikkje tilstrekkeleg for ein naudsynt fagleg modning, seier DNVA i si forskingsmelding. Vitenskap-Akademiet etterlyser også krav til stipendiatar til å driva undervising.

- Undervising gjev breiare fagleg innsikt og nyttig pedagogisk erfaring for dei som vil halda fram ved universitetet. Dessutan har universiteta behov for denne undervisninga, skriv DNVA og føresler difor 4 års tilsetjingar med undervisningsplikt. Stipendiatane sjølv er delte i denne saka:

- Dei fleste stipendiatgruppene ønskjer seg eit fireårsstipend på grunn av tidspress. DION meiner dessutan at det er ein fordel å få undervisningserfaring under stipendperioden. Det finst derimot òg grupper som ønskjer at eit eventuelt fjerde år burde vere valfritt. Ein grunn er til dømes at lønna som stipendiat er relativt dårleg, og for mange er det ingen grunn til å halde på med stipendiatperioden for lenge når det ventar ein betre betalt jobb etterpå, seier Jens Haugan.

Kykje-, utdannings- og forskningsdepartementet (KUF) vil ikkje kommentera forslaga frå DNVA før «Norsk forskning ved sekelskiftet» føreligg offentleg.


NORALV PEDERSEN
SISSEL MYKLEBUST (FOTO)