NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Regjeringa utset innstilling

Utval som skal utgreiia vertskommunen sitt ansvar for studentar er utsett til etter valet.

- Regjeringa sine distriktspolitiske omsyn har trenert saka. Ho vil ikkje ha debatt om vertskommuneproblematikken før valet, hevdar Rune Olsø, Ap (bildet). Verts-kommunane treng ikkje ta ansvar for studentane sine i denne valkampen heller. Det er klart etter at Vertskommune-utvalet, som skal utgreiia kommunane sitt ansvar for studentar, er utsett til etter valet. Det var Stortinget som sette ned Vertskommuneutvalet hausten 1998. Utvalet skulle levera si innstilling i vår, men er enno ikkje ferdig kort tid før valet. Utvalet skal ha eit møte i slutten av september, og innstillinga er truleg ikkje klar før tidlegast i slutten av oktober. Årsaka til at arbeidet med innstillinga har trekt ut i tid, er at leiinga i Kyrkje, utdannings- og forskingsdepartementet har pålagt sekretæren for utvalsarbeidet andre arbeidsoppgåver; sekretæren har difor måtta nedprioritert arbeidet med innstillinga.

Krev at kommune tek ansvar
Det er også klart at vertskommuneutvalet i si innstilling vil hoppa bukk over problemstillinga om studentar valfritt skal kunne melda flytting til vertskommune og dermed få stemmerett til kommuneval. Per i dag kan ikkje studentar melda flytting frå heimkommunen. Berre arbeidstakarar eller gifte studentar kan melda flytting; studentar med barn må melda flytting til vertskommune. Både trondheimsstudentane sin Studentaksjon-99, Norsk studentunion (NSU) og Studente-nes landsforbund (SLF) krev at studentane kan velja om dei vil melda flytting - utan at dei skal mista reisestipend. Rektor ved NTNU Emil Spjøtvoll støttar studentane sine krav. I eit brev til Trondheim kommune peikar rektoren på at studentane ikkje får høve til å stemma i den kommunen dei bur i ti månadar i året. Spjøtvoll oppfordrar Trondheim kommune til å ta initiativ for å få ei nasjonal løysing på problemet.

Vertskommuneutvalet har til no arbeid med å avklara kva ansvar kommunen har for bustad, sosial- og helsetenster for studentar. Vertskommuneutvalet konkluderer at kommunen har hovudansvar for desse tenestene. Studentsam-skipnadane skal vera eit supplement.

Distriktspolitikk
- Me har venta på meldinga i over eit halvt år, og det er merkeleg og trist at meldinga kjem like etter valet, seier Rune Olsø, studentpolitisk talsmann i Trondheim Arbeiderparti.

- Det seier alt at sekretær i KUF har måtta nedprioritera arbeidet med meldinga. Regjeringa ønskjer ikkje diskusjona om vertskommuneproblematikken før valet - truleg fordi ho vil innehalda dårlege nyhende for studentane.

Rune Olsø meiner at det openbart ligg distriktspolitiske omsyn bak utsetjinga av saka.

- Det er synd at distrikspolitiske omsyn skal gå på bekostning av studentane. God distriktspolitikk ville vera at alle som kjem frå distrikta - også studentane - skal få gode forhold der dei bur.

Olsø hevdar at studentar ville blitt meir engasjerte viss fleire studentar hadde hatt stemmerett i Trondheim:

- Fleire ville stå på partilister, noko som ville ha gitt studentar meir politisk makt.

Ekspedisjonssjef i KUF Jan Levy vil ikkje kommentera denne saka.


NORALV PEDERSEN
KENNETH AAR (FOTO)