NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig:
Kenneth Aar

 
Suksess med den fyrste el-bilen

NTNU har kjøpt éin el-bil. Etter ei veke med køyring mellom campusane er brukar Trygve Foss strålande nøgd.

- Eg er overraska over kor godt el-bilen fungerer. El-bilen passar perfekt til køyring mellom NTNU-campusane.

Det seier Trygve Foss, driftsteknikar ved El-seksjonen på Teknisk avdeling. I vel ei veke har han køyrt NTNU sin nye el-bil, Citroen Berlingo. Dette er ein varebil som skal gå i vanleg trafikk mellom campusane og i Trondheim sentrum. Samtidig skal Institutt for teknisk kybernetikk og amanuensis Trond Andresen bruka køyretøyet som forskningsobjekt for nokre av hovedoppgåvestudentane sine.

Trygve Foss fortel bilen passar særs godt til korttransport.

- El-bilen akselrerer kjapt - spesielt på flat mark. 60 km/t opp Moholtlia er heller ikkje så verst, seier Foss. El-bilen er støy- og eksosfri, køyrer gratis gjennom bomringen, kan parkera gratis og slepp å betala vegavgift.

Driftssjef Asgeir Gunnes stadfestar dei positive erfaringane med el-bilen. Han utelukkar ikkje at Teknisk avdeling kjøper inn fleire el-bilar, men føresetnaden er prisen på el-bil blir meir konkurransedyktig med bensin- og diselbil. No ligg prisen på elbil om lag 50.000 kroner over bensinbilar. 
 
El-bil


Pris: 210.000 kroner (inkl. batteri)
2-seters varevogn
95 km køyrelengd per lading.
95 km/t toppfart
9 t ladetid (vanleg stikkontakt, 220 V)
28 kW effekt
8 års garanti på batteri
Nikkel-kadmium batteri (99 prosent resirkulerbart)


NORALV PEDERSEN
KENNETH AAR (FOTO)