NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig:
Kenneth Aar

 

 

 

Teknologiråd droppa NTNU-teknolog

Teknologirådet har ingen representantar frå teknologibastionen NTNU. - Meiningslaust, seier rektor Emil Spjøtvoll.

Teknologirådet er nyleg oppretta av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF), men har ingen representantar frå teknologimiljøet ved NTNU. Teknologirådet skal vurdera etiske, sosiale, miljømessige og økonomiske sider ved teknologiutviklinga og stimulera til offentleg debatt kring ny teknologi.

- Det ville vore naturleg at NTNU med sin tunge teknologiske kompetanse var representert i Teknologirådet, seier Emil Spjøtvoll. NTNU har kun påverknad gjennom vararepresentantane Rigmor Austgulen, tidlegare prorektor og fyrsteamanuensis ved Medisinsk fakultet, og Einar Aas, professor ved Institutt for fysikalsk elektronikk. Dette er ikkje nok, meiner Spjøtvoll. NTNU bør få fast medlem i Teknologirådet. Dette er noko rektoren vil ta opp med dei ansvarlege for Teknologirådet.

- Det er ok at ein ynskjer ei brei samfunnsmessig belysing av teknologien i Norge, men det er meiningslaust at den reine og pure teknologien ikkje skal ha sin plass. NTNU har trass alt spesialkompetanse innafor teknologi.

Folkeopplysing
Mathias Kaiser, sekretariatsleiar for Teknologirådet, seier NTNU-rektoren ikkje treng uroa seg for at NTNU blir sett på sidelinja.

- Teknologirådet vil ta kontakt med NTNU for å få innspel frå teknologimiljøet.

I følgje Kaiser skal Teknologirådet prøva å få til ein brei offentleg debatt som lekfolk kan forstå.

- Me har meir enn nok tunge, faglege rapportar i Norge, seier Kaiser. Han viser til dei positive erfaringane det danske systerrådet har hausta.

- Teknologirådet i Danmark er ? som Teknologirådet i Norge ? samansett av menneske med breitt samfunnsengasjement. Danskane har fått til fruktbare diskusjonar og har vore dyktige med å få til folkeopplysing om til dømes genteknologi.
 
Teknologiråd

Medlemmer:
1. Professor Eivind Osnes, Oslo, leiar 2. Fylkesmann Ann Kristin Olsen, Kristiansand 3. Konsulent Heidi Sørensen, Oslo 4. Forlagssjef Andreas Skartveit, Oslo 5. Rådgiver Ruth Kleppe Aakvaag, Oslo 6. Professor Håkon With Andersen, Trondheim 7. Forskningsleiar Tian Sørhaug, Oslo 8. Seniorkonsulent Arnold K. Hansen, Grovfjord 9. Professor Magne Espedal, Bergen 10. Administrerande direktør Arni Hole, Oslo.

Varamedlemmer:
1. Førsteamanuensis Rigmor Austgulen, Trondheim
2. Professor Einar Johan Aas, Trondheim.


NORALV PEDERSEN