NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig:
Kenneth Aar

 

 
 
 
 
 

Pioneravtale til 30 millionar

Oljeforskingsmiljøa ved NTNU merkar ikkje noko til tørken i petroleumsindustrien. Norske oljeselskap sponsar undervising ved NTNU med 30 millionar.

Institutt ved petroleumsteknologi (IPT) merkar ikkje noko til den mykje omskrivne tørken i oljeinstustrien. Medan oljeforskingsinstituttet Sintef Petroleumsforskning AS har vedteke å leggja ned avdelinga for petroleumsgeologi, skal Statoil, Norsk Hydro og Saga dei neste fem åra investera fem millionar US-dollar til undervisning ved IPT. Ramma for avtalen er ferdigforhandla, og avtalen vil bli underskriven i løpet av september.

Pilotprosjekt

Oljemidlane skal brukast til å utvikla eit nytt undervisningsopplegg der IPT skal miksa Prosjektbasert læring (PBL) med tradisjonell undervisning. Studentane skal i større grad samarbeida og undra seg til kunnskap - i stadenfor berre å pugga pensum på eigahand. Studentane får i grupper samansette problemstillingar som er knytta til Gullfaks-utbygginga i Nordsjøen der Statoil er operatør. Jon Kleppe, instituttleiar ved IPT, trur studentane gjennom dette pilotprosjektet vil få eit meir realistisk innblikk i kva arbeidsoppgåver som ventar dei etter endt utdanning. Studentane lærer å setja teorikunnskap inn i ein praktisk samanhang. IPT samarbeider med Norwegian Learning Lab om undervisningsopplegget.

Studentflukt

For mindre enn eitt år sidan sponsa Statoil, Norsk Hydro og Saga etableringa av eit nytt fagtilbod ved Fakultet for geofag og petroleumsteknologi med 12 millionar.

- Det er lettare enn nokon gong å få midlar frå petroleumsnæringa, seier ein nøgd Jon Kleppe til Universitetsavisa.

- Det einaste som uroar er at stadig færre studentar søkjer seg til petroleumsfaga, seier Kleppe som trur den negative fokuseringa på oljeindustrien den siste tida er årsak til studentflukten.

Leiaren for samarbeidsprosjektet, Jonny Hesthammer, fortel at hans eige selskap Statoil prioriterer langsiktig investering og utdanning sjølv om oljeprisen er låg og økonomien stram.

- På lang sikt vil oljeindustrien tene på satsinga mot universitetsmiljøa. Gullfaks-feltet er eitt døme:

Den siste tida har me pumpa opp stadig meir vatn og mindre olje. Her kan universitetsmiljøet bidra med nyvinningar for å få opp produksjonen.


NORALV PEDERSEN