NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig:
Kenneth Aar

 
Ap-løfte til studentane:
Billegare på bussen

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Ap sin ordførarkandidat Tore Paulsen Værnes lovar månadskort på bussen til 310 kroner.

Tore Paulsen Værnes, Ap sin ordførarkandidat, frir til studentane og lovar meir sosialstønad, full barnehagedekning og billegare studentrabatt på bussen.

Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat Tore Paulsen Værnes gir full støtte til «Studentaksjonen 99». Organisasjonane bak aksjonen, Studenttinget NTNU, Studentparlamentet ved HiST og Styret på Studentersamfundet, krev betre kollektivtilbod, lik rett til sosial stønad, kommunale barnehageplassar, opprettinga av kommunalt råd med studentpåverknad og rett til å melda flytting utan å mista reisestipend frå Statens Lånekasse. Ei underskriftskampanje som er i gang, skal leggjast fram for Høgre-ordførar Anne Kathrine Slungård i Storsalen på Studentersamfundet 31. august.

Diskriminering

- Trondheim Arbeidarparti vil stogga diskrimineringa av studentar som har behov for sosialhjelp. I sommarmånadane er sosialstøtta for studentar halvparten av kva «vanlege» folk får, seier Værnes.

Nina Ruth Kristoffersen, leiar i Studenttinget NTNU, meiner det er eit paradoks at studentar som bur mesteparten av tida si i Trondheim ikkje kan melda flytting og få vera med å påverka politikken i kommunen utan å mista reisestipendet frå Lånekassa.

- Me vil arbeida aktivt opp mot partia på Stortinget for å få endra på reglane slik at studentane får retten til å bli folkeregisrert i Trondheim - utan å mista reisestipendet, lovar Værnes.

Kommunalt studentråd

Aksjonsgruppa krev høyringsrett i saker som vedrører studentane og føresler at det vert oppretta eit kommunalt råd for studentar. Paulsen Værnes støttar ideen.

- Arbeidarpartiet vil føreslå at det vert oppretta eit kommunalt studentråd med aktørar frå dei politiske partia, kommunen og Studentparlamentet, Studenttinget, Velferdstinget og Studentersamfundet.

Det siste av dei krava aksjonsgruppa stiller til Trondheim kommune, er lik rett til kommunal barnehageplass.

- Studentar med barn pliktar å melda flytting til studiekommunen. Desse skal då likestillast med andre innbyggjarar. Samskipnaden sine barnehagar skal berre vera eit supplement, seier Kristoffersen.

Værnes lovar full barnehagedekning innan fire år - også for studentar. Maksimalprisen skal vera 2500 kroner. Ap-kandidaten vil dekka desse og andre valløfte gjennom diverse kutt i kommuneøkonomien - til saman 60 millionar.


NORALV PEDERSEN
KENNETH AAR (FOTO)