NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
Dei gløymde

Seniorane har i mange år vore ein gløymd ressurs ved NTNU. Sidan folk tek lenger og lenger utdanning og pensjonerer seg stadig tidlegare, blir dei produktive arbeidsåra færre. Når det ved nokre fakultet på Gløshaugen er to av tre professorar som er over 57 år, er det ekstra alvorleg å ikkje ha eit system som tek vare på seniorane og kunnskapen deira.

Ei ny undersøking om korleis det er for NTNU-tilsette å bli eldre, viser at universitetet må bli flinkare til å utnytta den erfarings- og kunnskapsressursen eldre mennske sit inne med. Mange seniorar er frustrerte over arbeidsvilkåra og ynskjer seg betre plass, meir tid, assistentar og betre utstyr

Innan utgangen av 1999 lovar Knut Veium, leiar for Personalseksjonen ved NTNU, å ha på plass ein personalpolitikk for seniorar ved universitetet.
 

Akademiske
arbeidsnarkomanar

Etter neste femti år med 12-timars dagar kan dei pensjonerte professorane på Gløshaugen endeleg skru av PCen.
Det er berre det at dei ikkje vil.


- I den grad ein kan kalla det det, har forskinga vel vore livsverket mitt. Men eg har på ingen måte revolusjonert verda, ler Ivar Svare (67) (t.h.). Tore Wessel-Berg (76) humrar til venstre.

Foto: Erik Prytz Reitan

- Eg er jobbnarkoman, seier Tore Wessel-Berg (76) alvorleg. Professor emeritusen pensjonerte seg for seks år sidan, men arbeider framleis 12 timar sju dagar i veka - slik han alltid har gjort. Men akkurat det er ikkje noko å skryta av, tykkjer Wessel-Berg:

- Arbeidet betyr enormt mykje - både sosialt og fagleg. Eg må ha eit teknisk-naturvitskapleg miljø å gå til. Kontoret mitt har høg utnyttelsesgrad, fortel han.

- Kva hadde du gjort viss du måtte slutta?

- Emigrert til USA, kjem det kontant.

- For den amerikanske aldersgrensa blei for ein del år sidan oppheva.

Gløshaugen akademiske klubb

Det er torsdag. Klokka nærmar seg halv tolv, og det er tid for Gløshaugen akademiske klubb. Kvar tysdag og torsdag møtest eit dusin eldre professorar og amanuensar i trehuset øst for Hovudbygget for å eta matpakka si. Der er mange pensjonistar, men yngre er også hjarteleg velkomne. Der i eit hjørne sit Tore Wessel-Berg. Saman med fysikkprofessor Ivar Svare (67) og professor emeritus Andreas Tonning (77) set Wessel-Berg pris på pensjonisttilværet.


- Eg har betre tid til å pleia venskapa no. Det betyr sannsynlegvis meir for oss som har tidlegare har brukt så mykje tid på arbeidet, seier professor emeritus Andreas Tonning (77).

Foto: Erik Prytz Reitan

- Eg har betre tid til å pleia venskapa no, fortel Andreas Tonning:

- Det betyr sannsynlegvis meir for oss som har tidlegare har brukt så mykje tid på arbeidet. Så etter eg byrja å gå hit, har eg snakka meir med til dømes Svare enn tidlegare.

Tonning og Svare møttest på Harvard i 1960. Også Tonning og Wessel-Berg er gamle kjente.

- Fyrste gongen eg møtte Tonning, må ha vore i 1949, minnest Wessel-Berg. I dei siste førti åra har dei to vore kollegar ved Institutt for fysikalsk elektronikk. Wessel-Berg var den fyrste professoren på det instituttet - som på den tida heitte Anvendt elektronikk - då han flytta tilbake til Trondheim etter fleire forskingsår ved Stanford University.

- På instituttet er me ein fantastisk gjeng der mange av oss har jobba saman sidan 60-talet. Tonning er éin av desse.

Mjuk overgang

- Eg har fått halda på kontoret mitt og PCen min, og eg har framleis ting ugjort, seier Ivar Svare. Han har spesialkompetanse på magnetisk resonans innan dei faste stoffa sin fysikk.

- Eg er åleine om dette emnet på Institutt for fysikk i Trondheim, og forskingsarbeidet mitt blir truleg ikkje vidareført her. Det er livets gang. I den grad ein kan kalla det det, har forskinga vel vore livsverket mitt. Men eg har på ingen måte revolusjonert verda, ler Svare. Dei gjer det same som før, alle tre, men slepp administrasjon og undervising.

- Men eg tek litt lettare på ting no, smiler Ivar Svare som meiner han har vore heldig.

- Samanlikna med andre som brått må slutta, har eg hatt ein fin og mjuk overgang.

Wessel-Berg er samd.

- Eg er ikkje kroppsleg utsliten slik mange andre - som har drive med hardt kroppsarbeid - er.

Forfattar og forskar

Wessel-Berg har også nok av prosjekt på gang. Professor emeritusen er nettopp ferdig med ei bok som han arbeider med å få publisert på ei amerikansk forlag, og han håpar å ta opp att eit forskingssamarbeid med Nevrologisk institutt på Det medisinske fakultetet.

- Det er mykje eg vil publisera, forsking som eg har arbeidd med tidlegare, men som eg ikkje har fått tid til å skriva ferdig. Pensjonisttilværet gir meg eit fantastisk høve til å ta opp att dette.

Wessel-Berg har berre eitt ynskje:

- Professor emeritus-stillinga er ikkje definert skikkeleg. Det er tilfeldig kva for rettar og plikter pensjonerte professorar har. Om du får eit krypinn, er i dag avhengig av kor godt du er likt på instituttet.
 
 

TEKST: NORALV PEDERSEN


Les også: NTNU lovar tiltak for seniorar