NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Redaktør:
Tore Oksholen
 

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Kunsten å byggja eit universitet

Slit. Bygningsarbeidarane ber mursteinen i korger på ryggen
til taket på dei nye universitetsbygningane, fire etasjar over bakken. Det er tungt arbeid å byggja universitet utan maskinar.

Mangfald. Frå naturen si side er Nepal mangfaldig, der landet strekkjer seg frå subtropisk lågland og opp til dei høgaste fjelltoppane i verda. Over 30 språk og endå fleire etniske grupper avspeglar dette mangfaldet.
Men økonomisk er Nepal fattig, avhengig av pengar og ekspertar utanfrå.

Samarbeid. NTNU hjelper eit ungt universitet i Nepal. Ein rammeavtale for samarbeid med Kathmandu University er nettopp underteikna, og no er det klart for utveksling av studentar og lærarar. Vil Norad betala, skal NTNU-lærarar også undervisa mastergradsstudentar i ingeniørfag i Nepal.
- Frå vår side er dette utviklingshjelp og fagleg idealisme, men også vi kan få noko att for samarbeidet, seier fakultetsdirektør Åge Søsveen ved Fakultet for maskinteknikk.

Utvikling gjennom utdanning

KATHMANDU - Vi veit at forskarar frå mange land arbeider i Nepal, men vi har sjeldan kontakt med dei. Målet vårt er å byggja fagmiljø som er gode nok til at utlendingar vil samarbeida med oss. Då kan ein del av kunnskapen bli att her.

Professor Surendra Raj Kafle er dekanus ved School of Science ved Kathmandu University. Der har han dei siste åra vore med på å byggja opp eit universitetsmiljø frå grunnen av. Med doktorgrad frå eit indisk universitet og tre post.doc.-år i USA veit han godt at hans eige universitet har langt att før det kan måla seg med dei fremste utanlandske. Likevel treng universitet også i Nepal forskingsaktivitet på høgt nivå for å kunna tilby god undervisning.

Kathmandu University vart formelt oppretta i 1991. I -94 starta dei første studentane på fireårige bachelor-program i ingeniørfag og naturfag, og det første kullet vart uteksaminert i 1998. I dag kan universitetet også tilby farmasi-utdanning, medisin og nokre pedagogikk-kurs. I tillegg har det formelt ansvar for skular som tilbyr utdanning i mellom anna musikk og administrative fag.

Risåkrar og internett

Universitetet ligg vakkert til i den vesle byen Dhulikhel, tre mil utanfor Kathmandu, hovudstaden i Nepal. I nord kan ein på klare dagar sjå veldige, snøkledde fjell, fleire av dei over åtte tusen meter høge. Campus ligg rundt ein bakketopp i eit kupert landskap, der åsane stig bratt frå dei fruktbare elveslettene og kastar seg ned i djupe dalar. Det aller meste av dette området i sørhellinga av Himalaya er kulturlandskap, kledd med terrassar som er forma av bøndene gjennom generasjonar. Sjølv 1500 meter over havet er klimaet slik at bøndene dyrkar korn og grønsaker om vinteren. Om sommaren, når monsunen kjem med kraftig regnver i tre-fire månader, er det tid for å planta ris. Bøndene driv jorda for hand eller brukar bøflar til å dra ein enkel treplog, slik dei har gjort i uminnelege tider. Midt i dette tradisjonelle jordbrukssamfunnet lærer unge studentar kybernetikk, web-teknologi og mikrobiologi.

Arbeidsløyse

Men er det rett å eksportera moderne teknologi til ein slik jordbrukskultur? Eldar Onsøyen, trøndar med doktorgrad i maskinteknikk frå NTH, har tenkt ein del på det i dei to åra han har undervist ved Kathmandu University.

- Sjølvsagt er det langt frå problemfritt. Over 80% av folket arbeider med jordbruk, men folketalet aukar raskt. Det er ikkje lenger arbeid for alle i jordbruket, og då må dei skapa sine eigne arbeidsplassar, til dømes innan industri eller tenesteyting. Det krev utdanning. Utan lokal universitetsutdanning må studentar ut av landet, og då kan det vera vanskeleg å få dei tilbake. Vi meiner Nepal treng utvikling, og høgare teknisk utdanning er ein føresetnad for å få det, seier Eldar Onsøyen.

Norsk støtte

Drivkrafta bak Kathmandu University er Suresh Raj Sharma, nepalsk kjemikar med utdanning frå England. Han var frustrert over det statlege universitetet i heimlandet, som han meinte var meir oppteke av å auka talet på innskrivne studentar enn av å tilby god undervisning. Sharma byrja å arbeida med å oppretta eit alternativ. Hausten 1991 vedtok parlamentet ei lov som gav rom for å oppretta det nye universitet. Dette var den første saka som vart handsama av den første demokratisk valde regjeringa etter revolusjonen i 1990. Kontakten med styresmaktene er sikra ved at statsministeren formelt leier styret for universitetet, men universitetet er organisert som ei privat stifting.

For å finansiera utbygginga tok Sharma kontakt med ei rekke ulike organisasjonar. Den norske misjonæren og sivilingeniøren Odd Hoftun fekk spørsmål om å bidra med å få i gang ei ingeniørutdanning. Hoftun har arbeidd i Nepal sidan 1960-åra og har mellom anna bygd kraftverk og starta yrkesskule og fleire ingeniørverksemder der. Gjennom Hoftun og organisasjonen han arbeider for, Den norske Tibetmisjon, fekk universitetet både litt Norad-støtte og fleire norske lærarar til ingeniørutdanninga.

Sjølvberande

Inge Johansen, pensjonert professor og tidlegare NTH-rektor, vart engasjert til å laga ein rammeplan for bachelor-programma i ingeniørfag og naturfag. Johansen har seinare vore rådgjevar for universitetet og besøkt det ei rekke gonger.

- Dette var det første tilbodet i ingeniørfag på dette nivået i Nepal, fortel Johansen. - No har det statlege Tribhuvan University også oppretta tilsvarande tilbod i maskin- og elektrofag, men Kathmandu University er framleis åleine om å tilby datautdanning på dette nivået.

Universitetet har langt att før nivået kan måla seg med til dømes NTNU, men Johansen er likevel nøgd.

- Miljøet der er allereie sjølvberande. Fleire kull er allereie utdanna, og dei fleste av lærarane kjem frå Nepal. Men universitetet er skjørt og treng framleis støtte. Det viktigaste vil vera å få i gang eit master-program. Det vil sikra større forskingsaktivitet, og det er nødvendig for å driva undervisning på dette nivået, seier den gamle NTH-rektoren. Han minner om at NTH også var avhengig av utanlandske lærarar i starten.

Biologisk mangfald

Nepal er eit av dei fattigaste landa i verda om ein måler etter gjennomsnittsinntekt, helsestell eller utdanningsnivå. Når ein kjem frå eit norsk universitet, er det ikkje lett å skjøna korleis det er mogleg å klara seg med spartansk utstyrte undervisningslokale og forsvinnande små utstyrsbudsjett. Særleg for ingeniørutdanninga og for tunge laboratoriefag som fysikk og kjemi er dette ein begrensande faktor. Då er det lettare å vera biolog, og det er nok ein av grunnane til at biologi er det naturfaget som er best utvikla ved Kathmandu University. Universitetet har eit eige bachelor-program i biologi og miljøfag. Dei første utvekslingsstudentane frå Canada tok eksamen i biologi denne våren, og fleire er på veg. All undervisning vert allereie gjeven på engelsk, og det er difor lett å ta imot utanlandske studentar.

- Nepal er ideelt for biologiundervisning. På berre nokre dagar kan vi gå gjennom ei rekke vegetasjonssoner, frå subtropisk lågland berre nokre titals meter over havet til dei høgaste fjellområda i verda. Det gjer både flora og dyreliv svært variert og spanande, reklamerer dr. Chettri, leiaren for avdelinga for biologi og miljøfag.

Dyrt

Kathmandu University får lite statleg støtte, og drifta er difor betalt hovudsakleg med skulepengar. Fem-seks hundre kroner i månaden er dyrt i eit land der gjennomsnittleg årsinntekt berre er rundt 2000 kroner. Det statlege universitetet er billegare og vert dermed eit førsteval for mange søkjarar. Kathmandu University har no omlag 1200 studentar, men ein del av desse tek kurs som i nivå tilsvarar norsk vidaregåande skule.
Samarbeid med NTNU

Denne våren har Kathmandu University underteikna ein samarbeidsavtale med NTNU. Frå hausten kan universitetslærarar og studentar koma til Trondheim for å læra meir.

- Utviklingshjelp er nok vårt hovudmotiv. Vert samarbeidet vellukka, vil vi også tena på det, seier fakultetsdirektør Åge Søsveen ved Fakultet for maskinteknikk.

Mastergrad

Fleire norske lærarar med utdanning frå NTNU var med på å starta bachelor-program i ingeniørfag ved Kathmandu University i 1994, og tidlegare NTH-rektor Inge Johansen er framleis rådgjevar for universitetet. Difor var det naturleg å venda seg til Trondheim for å sikra fagleg grunnlag for å utvida universitetet vidare.

- For to år sidan fekk vi spørsmål om å vera med på å bygga opp eit mastergradsprogram ved Kathmandu University, fortel fakultetsdirektør Åge Søsveen ved Fakultet for maskinteknikk.

- Vi søkte om støtte frå Norad til eit forprosjekt, som vart gjennomført i samarbeid mellom NTNU og eit indisk universitet. No har vi søkt Norad om støtte til sjølve programmet. Vi må få dekka dei økonomiske utlegga våre, men bortsett frå det går vi inn i dette på eit fagleg idealistisk grunnlag, seier Søsveen. Potensialet for vasskraft vert rekna som stort også i Nepal, og vasskraftmiljøa i Trondheim vil vera sentrale i samarbeidet.

Fjernundervisning

Åge Søsveen fortel at det kan vera aktuelt at ein del av master-programmet vert gitt som fjernundervisning leia frå Trondheim, men det er avhengig av Norad-finansiering. Det kan også vera aktuelt at NTNU-lærarar reiser til Nepal for kortare periodar. Den samarbeidsavtalen som er underteikna, opnar allereie for at lærarar og studentar frå Nepal kan koma til Trondheim. For lærarar er det snakk om ordinær gjesteforskar-ordning. Dei fleste ingeniørlærarane ved Kathmandu University er unge og har lita forskingserfaring, og arbeid i større miljø vil difor vera nyttig.

- Dei fleste faga våre vert underviste på norsk, så for studentar er det nok mest aktuelt å gjennomføra ei prosjektoppgåve her. Vi har allereie mange utanlandske studentar her som arbeider slik, seier Søsveen.

Vasskraft

Åge Søsveen håpar at miljøet i Trondheim også vil nyta godt av samarbeidet.

- Det viktigaste området vil nok vera vasskraft, og der har dei i Nepal nokre spesielle utfordringar, mellom anna sterkt innslag av sand og ureining i elvevatnet. For oss kan det vera nyttig å ha kontakt med fagfolk som kjenner desse problema godt, seier Søsveen. Han håpar også å få sjansen til å tilby fjernundervisning til Kathmandu University.

- Etter- og vidareutdanning vert stadig viktigare for NTNU. Erfaring med fjernundervisning i Nepal vil vera nyttig for oss også på den heimlege utdanningsmarknaden, seier Søsveen og legg til at samarbeidet også gjev norske lærarar og studentar erfaring i å arbeida i andre kulturar.

- I tillegg håpar vi at koplinga til India kan vera nyttig for oss. Det aktuelle universitetet, Birla Institute of Technology nær Delhi, held høg kvalitet, og dei skal vera særleg gode på å utvikla samarbeid mellom universitet og næringsliv.

Trur framleis på svakt demokrati

Våren for ti år sidan stod studentar i spissen då titusenvis av demonstrantar i Kathmandu tvinga kongen til å gje frå seg makta og innføra demokrati. Ti år seinare er mange skuffa.

Demonstrantane hadde ikkje berre ein draum om eit demokratisk styresett, men også om økonomisk utvikling, meir rettferdig fordeling og betre utdanning. No har folk flest tilsynelatande mist trua på demokratiet.

- Politikarane er korrupte og tenkjer berre på seg sjølve, svarar mange når ein spør dei om politikk. Andre er meir radikale. Eit venstreorientert politisk parti som kallar seg maoistar, har gripe til våpen for å kjempa mot korrupsjon og statleg vanstyre. Nesten 2000 personar er drepne sidan uroa starta for fire år sidan. Dagleg kan avisene fortelja om drap eller kampar mellom politi og maoistar. Det viktigaste målet for maoistane er politifolk eller offentlege kontor, som dei anklagar for korrupsjon. Ei rekke uskuldige har også vorte offer for maoist-angrep eller motreaksjonar frå politiet, i følge Amnesty International. I mai i år opna statsministeren for å bruka hæren mot opprørarane. Skjer det, har det tradisjonelt så fredelege Nepal fått ein heil liten borgarkrig. Uroa har til no vore avgrensa til nokre område og har ikkje vore retta mot utanlandske turistar.

Yadav Pandit underviser no ved Kathmandu University. Revolusjonsvåren var han 19 år gamal og aktiv i demonstrasjonane. 69 personar omkom, og fleire forsvann. Nokre av dei var venene hans. Pandit skjønar godt maoistane, men er sjølv aktiv medlem av det regjerande kongresspartiet.

- Eg kjenner fleire maoistar. Men eg trur den valdelege linja dei har valt, er feil. Alle ser at mange politikarar er korrupte, men problemet kan ikkje løysast med vald.

Yadav Pandit har mastergrad i fysikk. Ved sidan av jobben som universitetslærar studerer han vidare og håpar på eit doktorgradsstipend til eit vestleg land.

- Utdanning er det viktigaste for å sikra demokratiet. Skulesystemet kan bli mykje betre. Vi treng lokale helsearbeidarear, jordbruksekspertar og ingeniørar, folk med gode faglege kvalifikasjonar og kjennskap til livet på landsbygda her. Å utvikla eit godt utdanningssystem er dyrt, men det er nødvendig om ein skal få bukt med fattigdomen. Utan kompetanse er det ikkje mogleg å skaffa reint drikkevatn, til dømes. Problemet no er at mange av planleggarane er utdanna i utlandet, og det er vanskeleg for dei å skjøna lokale problem. Eg håpar at min generasjon ser annleis på det, at vi greier å heva levestandarden til folk flest. Berre slik er det mogleg å sikra at folk ikkje blir frustrerte og misser trua på folkestyret.
 
 
 
Nepal

Kongedøme som grensar mot India i sør og Tibet i nord.
Rundt 23 millionar innbyggarar. 90 prosent av dei lever på landsbygda. Folketalet veks med 2,5 prosent årleg.

Kulturelt og religiøst ber det preg av å vera ein smeltedigel der indisk og tibetansk kultur møtest. Landet har over 30 ulike språk og nesten 100 etniske grupper.

Fram til 1951 var Nepal nesten heilt isolert, og statsminister-jobben gjekk i arv. Makthavarane såg på land og folk som personleg eigedom. Utdanning berre for eliten ? fem prosent av folket kunne lesa og skriva i 1952.

Nokre få år med demokrati på
50-talet. Så styrt av ein nesten eineveldig konge fram til 1990. Inspirert av revolusjonane i Aust-Europa og med støtte frå India greidde opposisjonspartia å velta regimet våren 1990. Landet fekk så eit parlamentarisk system etter engelsk modell. Landet har hatt
ni regjeringar sidan 1990. Dei siste åra har ei venstreorientert geriljagruppe skapt uro i nokre område.

Økonomisk er landet mellom dei fattigaste i verda, med gjennomsnittsinntekt på rundt 2000 kroner i året. Sterk auke i folketalet gjer at jordbruket ikkje lenger kan brødfø alle. Arbeidsløyse er difor eit problem.

Utdanningssystemet er kraftig forbetra, og no kan over halvparten av folket lesa. Kvaliteten på den offentlege skulen er likevel jamt over dårleg. Høgare utdanning er også mangelfull.

Turisme er ei viktig næring. Forholda for fjellvandring er fantastiske, med spektakulære fjell, vakker natur og mangfaldig kultur. Mount Everest og dei fleste andre fjelltoppar over 8000 meter ligg i eller på grensa til Nepal.

Nepal er eit hovudsamarbeidsland for norsk bistand.

Kathmandu University ligg idyllisk til tre mil utanfor storbyen Kathmandu.

Professor Surendra Raj Kafle meiner samarbeid med utanlandske universitet er nødvendig for å kunna tilby utdanning av høg kvalitet.


 


HANS MAGNE ÅDLAND