| Tusenårskunst til Trondheim
I september vil Union Jack vaia i trønderhovudstaden: Trondheim
Biennalen har Storbritannia som tema og gjev deg Shakespeare-premiere,
arkitekturen for det neste tusenåret og «Pomp and Circumstance».
Kva seier du forresten til å bli servert te frå Mister Twinings
sjølv på Trondheim Torg?
- Målet er at mange rullar ein stor ball - ikkje
at mange rullar mange små ballar, eller at éin rullar éin
stor ball åleine, seier Erling Rohde (t.v) og Else Marie Dalaker,
primus motor bak Trondheim Biennalen.
Else Marie Dalaker, koordinator ved Nettverk for kunst og estetikk,kunne
saman med styreleiar Erling Rohde presentera Trondheim Biennalen sitt vidtspennande
program - alt kopla opp til temaet som er Storbritannia. Med over 40 arrangement
fordelt på film, musikk, biletkunst, religion/historie, litteratur
og arkitektur kan innbyggjarane i Trondheim sjå ein innhaldsrik septembermånad
i møte.
Shakespeare-premiere
Den britiske ambassadøren i Norge skal opna Trondheim Biennalen
i Trøndelag Teater 4. september, der Shakespeares «As You
Like It» har premiere same kveld. Stykkjet som på norsk har
fått tittelen «Hver sin lyst», er nyleg omsett av Svein
Selvig. Stein Winge er regissør. Trøndelag Teater har planlagt
denne oppsetjinga i to år, og Dalaker er glad premieredatoen fell
saman med biennalen.
- Trondheim Biennalen er eit ypparleg døme på nettverk
- samarbeid mellom universitet, kulturinstitusjonar, studentar og næringsliv.
Ja, det britiske skal synast også i byen, lovar Dalaker. Eldsjela
bak biennalen er glad for at handelstanden i Midtbyen stiller butikkvindaugene
sine til disposisjon for kunstutstillingar.
Gullvåg målar Wilde
I samband med årtusenskiftet har eit dusin britiske arkitektar
fått i oppdrag å laga kvar sitt forslag til eit såkalla
millenniumsbygg som blir stilt ut over heile verda. «12 for 2000
- Building for the Millenium» viser dei tolv arkitektane sine arkitektoniske
visjonar for det nye årtusenet. Utstillinga står no på
Moderna museet i Stockholm og skal til Bordeaux før ho kjem til
Trondheim - som den einaste stoggen i Norge. Å få utstillinga
til Trondheim er mogleg fordi Fakultet for arkitektur, plan og biletkunst
gjev prosjektet økonomisk garanti.
Også Trondheim Kammermusikkfestival er knytta til festivalen i
år. James MacMillan er festivalkomponist. Den høgt respekterte
samtidskomponisten frå Skotland tek del i fleire arrangement i Trondheim.
Håkon Gullvåg skal stilla ut biletserien sin over Oscar Wilde-romanen
«The Picture of Dorian Grey» i Galleri Ismene. Kunstindustrimuseet
viser tekanner og moderne engelsk keramikk. Trondhjems Kunstforening har
utstilling med britisk grafikk og skotske skulpturar, og i Trøndelag
senter for samtidskunst heng bileta til dei unge og akta kunstnarane Paul
Nobel og Keith Coventry.
At programmet spenner vidt, viser eit to dagars seminar som er via den
britiske økonomen Thomas Malthus (1766-1834). Malthus skreiv for
201 år sidan den omstridde boka Essay on the Principle of Population
der han som den fyrste i vesten hevda at folketalet på jorda ville
auka fortare enn veksten i matproduksjonen - noko som ville føre
til svolt og naud.
Biennalen arbeider framleis med to store prosjekt som dei håpar
å spikra på plakaten i løpet av mai.
Kunsten å rulla ein stor snøball
Det heile blir avslutta med stor ståhei i Olavhallen. Då
held Trondheim Symfoniorkester avsluttingskonsert på ekte britisk
promenade vis med Elgars «Pomp and Circumstance».
- Alle kulturinstitusjonane har mobilisert, seier Dalaker. Ho viser
til at studentane har sett sitt preg på programmet. Sju arkitektstudentar
har utforma den grafiske profilen på plakatar, teaser og program.
Viss det går som Nettverk for kunst og estetikk ynskjer, blir
neste biennale i 2002 med Japan som tema. Årstalet er vald for å
gå i motfase med Uka.
- Nettverk for kunst og estetikk vil ikkje tre eit program nedover hovudet
på institusjonane. Me vil ha dialog og samarbeid, seier Else Marie
Dalaker. Erling Rohde samtykkjer:
- Målet er at mange rullar ein stor ball - ikkje at mange rullar
mange små ballar, eller at éin rullar éin stor ball
åleine.
TEKST: NORALV PEDERSEN
I «12 for 2000 - Building for the Millenium»
viser tolv britiske arkitektar sine arkitektoniske visjonar for det nye
årtusenet. Denne utstillinga er berre eitt av 40 arrangement som
skal gå føre seg under Trondheim Biennalen 4. til 30. september.
Trondheim Biennalen
Eit lite utval av dei mange arrangementa frå 4.til 30. september:
Teater
Trøndelag Teater: «Hver sin lyst» av William Shakespeare
Arkitektur
Erkebispegården: «12 for 2000»
Biletkunst
Trøndelag senter for samtidskunst: Paul Nobel og Keith Coventry
Film
Trondheim kino: «Shakespeare på kino»
Litteratur
Studentersamfundet: Roald Dahl-aften
Religion/historie
Nidarosdomen: «Nidarosdomen og England» ? temaomvising
Musikk
Ringve museum: Velliger String Quartet
|