NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
NTNU og Telia-Telenor mobil 

Det har til dels vore eit gledeleg engasjement i samanheng med IT-Fornebu, men eg har vel knapt høyrt eit ord eller sett ei setning skriven frå NTNU-miljøet omkring plasseringa av hovudkvarteret for Telia-Telenor mobil. Plasseringa av hovudkvarteret for mobil ser eg i grunnen på som eit viktigare spørsmål enn etablering av ein undervisningsaktivitet på Fornebu. 

Står vi samla og bretter opp ermane, så bør vi ikkje ha problem med å konkurrere med, eller kanskje snarare konkurrere ut, eit landsdekkjande undervisningsaktivitet leia frå Fornebu. Med bruk av moderne undervisningsmetodar og teknologi har vi alle sjansar saman med etablerte institusjonar å vinne fram til å bli det naturlege tyngdepunktet for ein undervisningsaktivitet som ikkje berre dekkjer landet, men som også kan bli framståande internasjonalt. Det burde da sjølvsagt vere naturleg at ein tok utgangspunkt i miljøsom allereie har vist evna til å fornye seg og har fått ei rikeleg erfaring på området. Dessverre kan det verke som at institusjonen sine midlar ikkje går den vegen, men til heilt andre miljø. Eg forstår ikkje kvifor det blir satsa slik, satsa på miljø som til dels ikkje har anna å vise til på området enn planar. 

Som sagt: Blir det satsa rett frå NTNU så bør ikkje IT-Fornebu vere eit problem, men ei utfordring. Å vere i fremste rekkje ved utviklinga innan mobil erderimot ikkje så sjølvsagt, der må vi kjempe. Ikkje fordi vi ikkje no har framståande miljø ved NTNU, tvert imot har vi det ved ET-fakultetet, men fordi at blir hovudkvarteret for mobiltenester plassert til Sverige så blir også tyngdepunktet for mobilutviklinga plassert der. Vi vil ikkje nødvendigvis merke verknaden av dette på dagen, men over tid så vil det bli eit heilt naturleg resultat. Ein naturleg prosess vil vere at etter som tida går, så vil leiande personell bli rekruttert frå landet hovudkontoret ligg i. Uformelle, men i høgaste grad reelle, nettverk vil bli halde oppe mellom utdannings- og forskingsinstitusjonar og dei som har påverknad i mobilutviklinga. 

Resultatet blir at etter kvart glir utvikling og forskingsoppdrag bort frå landet vårt. Som gravitasjonskrafta så vil også tyngdepunktetfor mobil trekkje sterkast på dei nærmaste lekamar. Krafta minkar ikkje berre linjert med avstanden, men med kvadratet. Her må vi forstå avstand meir som ein kulturell og sosial avstand enn fysisk. 

Kvifor er så utviklinga innan mobil så viktig for oss? Ved berre å ta seg ein tur på gata, får vi eit inntrykk av kor viktige mobiltenester er blitt, det er knapt ein ungdom i dag som ikkje valsar rundt med mobil. Det summar, ringar og blir snakka i mobil overalt - på gata, kafear, restaurantar osv. - og på mange stader ein slett ikkje ønskjer det. Dette er berre eit symptom på kva som er i ferd med å skje. Ei lang rekkje tenester som er langt meir viktige og omfattande for teleselskapa enn gatetrafikken er i ferd med å bli flytt over frå tenester som har vore knytt til fastnettet til mobilplattform. Ikkje minst blir neste forventa generasjons telenett- UMTS eller Universial Mobile Telecommunication Services - få storaktualitet for denne utviklinga. Overføringshastigheitar vi i dag berre kan drøyme om, vil innan få år vil kunne bli tilgjengelege. Innan 4-5 år vil vi for eksempel ha 1000 satellittar susande over hovuda våre medkommunikasjonsmoglegheiter som tillèt fjernsynskvalitet frå små mobile einingar. Science fiction for få år sidan vil bli realitet om få år, noko som ikkje minst vil skyldast utviklinga innan mobilområdet. 

Det er viktig for landet vårt at vi deltek på fullt i den interessante utviklinga, det er viktig både ut frå industripolitisk synspunkt som å vere med i fremste rekkje på kompetanseutviklinga og forskingsområdet. Eg håper ikkje at NTNU sin diskusjon omdeltaking i denne viktige utviklinga blir like stille framover som den har vore til no, ikkje minst plasseringa av hovudkontoret for Telia-Telenors mobilutvikling. Vi må koma oss på banen, helst bør NTNU som institusjon ta stilling idenne viktige saka for framtidig norsk IKT-utvikling. 

Arvid Staupe 
Institutt for datateknikk og informasjonsvetskap (IDI)