NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
Studentane:

Vil ha ny eksamensform


Lene Baann, Odd Jarle Kleppe, Gunhild Reistad og Anders Hanevik (f.v.) tykkjer det godt å sleppa den einsidige fokuseringa på teori i PBL-undervisinga på Bygg, men meiner at eksamen og den Prosjektbaserte læringa må bli meir integrert i kvarandre.

Odd Jarle Kleppe (25), Anders Hanevik (23), Lene Baann (23) og Gunhild Reistad (22) kjenner seg ikkje att i alt som kjem fram i Markus Sorge si undersøking: 

- Når undersøking viser at studentane møter opp uførebudd, kjem det av for stort arbeidspress. Av og til må gruppa leggja inn arbeidsinnsatsen på andre delar av faget, seier Odd Jarle. 

- Og i PBL-gruppa vår kan me i høgste grad diskutera heftig om både faglege og samarbeidsmessige problem. Me kan vera veldig opne fordi me kjenner kvarandre so godt etter to år i same gruppe. 

Dei fire har vore PBL-prøvekaniner helt sidan starten i 1997. Opplegget har blitt betre, meiner dei: 

- Dei to fyrste semestera var prega av elendig informasjon i tillegg til at mykje av undervisningsopplegget var til undervegs, fortel Anders. Han er den einaste i gruppa som også har studert der undervisninga kun gjekk føre seg i dei store førelesingssalane. Han vil slett ikkje tilbake til den gamle undervisingsmodellen. 

- Det er godt å sleppa den einsidige fokuseringa på teori der du må spy ut alt det du har lært på eksamenspapiret, seier Anders. Han understrekar viktigheita av å riva seg laus frå den gamle eksamensforma som framleis heng att: 

- Eksamen og PBL må bli meir integrerte i kvarandre, seier Anders. 

Lene meiner at PBL har ført til at studentane er blitt flinkare til å angripa ukjende oppgåver. 

- Gjennom prosjekta får me eit betre inntrykk av kva som ventar oss i arbeidslivet. Dessutan har PBL lært oss at det ikkje alltid finst eitt fasitsvar - slik ein ofte trur her på Gløshaugen. Me har fått øvd opp den problematiserande evna og sett at det finst mange løysingar på eit problem, seier Lene. 

Alle fire etterlyser betre kursing - både i IT og i gruppearbeid. 

- Me har kasta vekk for mykje tid til å finna ut av framande dataprogram i staden for å finna gode løysingar på prosjektet, hevdar Odd Jarle. 

Studentane etterlyser også rettleiarar som veit korleis PBL fungerer. 

- Dei studentassistentane som har vore til no, har ikkje hatt peiling på PBL - rett og slett fordi dei sjølve ikkje har vore borti denne undervisningsmetoden, hevdar Odd Jarle. Han trur dette vil betra seg når undervisningsleiinga etterkvart kan rekrutera rettleiarar som har vore gjennom PBL og kjenner til problema. 
 

Les også: Sterk kritikk av PBL på Bygg
Les også: Eit stykkje att å gå